Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Positive og negative sider ved sosiale medium

Kva tenker de om sosiale medium? I desse øvingane skal de reflektere over positive og negative sider ved sosiale medium.
Til læraren

Tips til læraren:

  • Sjå gjerne videoen før de startar med diskusjonsspørsmåla.

  • I påstandsøvinga kan det vere fint at læraren takkar elevane for ærlegdommen etter at dei har reist seg, før hen ber elevane setje seg igjen.

  • I påstandsøvinga kan læraren òg stille oppfølgingsspørsmål undervegs, men det er lurt å samle dei til slutt. Døme: Eg såg mange av dykk reise seg då denne denne påstanden kom opp – kan nokon forklare meg dette nærmare? Korleis opplever de dette?

Diskusjonsspørsmål

Diskuter i plenum:

  • Kor mange tenker at dei stort sett er tilgjengelege på nett heile dagen? Opp med ei hand!

  • Har de døme på kva som er positivt med å vere aktive på sosiale medium?

  • Har de døme på kva de opplever som negativt med å vere aktive og tilgjengelege på sosiale medium?

Post-it-lappar

Førebuing:

  • Set dykk i par.

  • Alle para får seks post-it-lappar i to ulike fargar. Det skal vere tre post-it-lappar i kvar farge. Til dømes tre raude lappar og tre grøne lappar.

Øving:

  • Skriv ned tre positive sider ved sosiale medium på dei grøne lappane og tre negative sider på dei raude lappane.

  • Heng opp post-it-lappane på ei tavle / ein vegg – ei positiv side og ei negativ side.

Ei hand som held ein mobiltelefon og viser han fram. Foto.

Påstandsøving

I denne øvinga les læraren opp ulike påstandar. De kan sitje i ein ring eller ved pulten. Viss du er einig i påstanden læraren les opp, reiser du deg opp.

Påstandar til påstandsøvinga
  1. Det er lettare å halde kontakten med venner gjennom sosiale medium.

  2. Det er lettare å få venner på nettet.

  3. Eg synest det er dumt at folk sender nakenbilete til andre som ikkje ønsker det.

  4. Det er ubehageleg å bli kontakta av framande på sosiale medium.

  5. Eg trur samhaldet i klassen blir betre viss vi held kontakt med kvarandre gjennom sosiale medium.

  6. Det er lett å misforstå kvarandre på sosiale medium

  7. Det er tydelege reglar for korleis vi skal oppføre oss på sosiale medium.

  8. Folk oppfører seg dårlegare når dei kan vere anonyme på sosiale medium.

  9. Eg har høyrd og sett mykje dumt – som baksnakking, mobbing, truslar og stygge kommentarar på sosiale medium.

  10. Eg føler at sosiale medium gir meg kontroll over kva som skjer blant venner og i verda.

  11. Eg har behov for å poste noko på sosiale medium jamleg.

  12. Eg er redd for å gå glipp av noko viss eg ikkje er inne på sosiale medium.

  13. Eg er oppteken av å følge med på kva vennene mine gjer på sosiale medium.

  14. Det er viktig for meg å få likes og fine kommentarar på det eg deler på sosiale medium.

  15. Det er lett å kjenne seg utanfor for den som ikkje blir inkludert i andre sine stories eller gruppechattar.

  16. Eg har brukt snapmap til å sjå om venner har samla seg utan meg.

  17. Det er heilt greitt at folk bruker filter eller redigerer bilete av seg sjølv for å sjå betre ut på sosiale medium.

  18. Eg liker Snapmap.

  19. Det er greitt å spreie vidare bilete av andre.

  20. Ungdom bruker for mykje tid på sosiale medium.

  21. Vaksne bruker for mykje tid på sosiale medium.

  22. Eg sovnar for seint fordi eg er inne på sosiale medium eller på mobilen.

  23. Sosiale medium tek mykje tid og står ofte i vegen for andre aktivitetar.

  24. Eg bruker sosiale medium når eg kjedar meg.

  25. Eg bruker sosiale medium når eg er i kleine situasjonar.

  26. Eg synest det er lettare å snakke med venner ansikt til ansikt enn på sosiale medium.

  27. Eg kjenner meg "pressa" til å like og kommentere på postane til vennene mine.

  28. Eg kjenner meg overvakt på sosiale medium.

  29. Eg synest det er dumt at eg får reklame retta mot meg utan å bli spurd.

  30. Eg synest det er respektlaust når folk tek opp mobilen eller går inn på sosiale medium mens eg står og snakkar med dei.

  31. Eg kjenner meg tøffare på nettet.

  32. Eg føler at den eg er på sosiale medium, reflekterer den verkelege meg.

  33. Eg har kjøpt noko fordi ein kjendis eller influensar sa det var bra.

  34. Mange har eit for negativt syn på gaming.

  35. Eg synest eg bruker for mykje tid på gaming.

  36. Familien min synest eg gamar for mykje.

  37. Gaming er ein hobby på lik linje med fotball eller musikk.

  38. Jenter blir sett ned på i gaming-miljøet.

  39. Gaming kan vere lærerikt.

  40. Eg har det bra når eg gamar.

CC BY-SARettshavar: Folkehelseprosjektet Helsefremmende miljø på sosial medier, Bergen kommune 2019-2022
Sist fagleg oppdatert 07.11.2022

Læringsressursar

Ung på sosiale medium