Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din

Kvardagen vår er prega av digitale dingsar, algoritmar og stordata. Korleis skal vi forstå og stille oss kritiske til dette mylderet av teknologi som omgir oss heile tida?
Eit ansikt er dekt av ein digital kode. Dei blå auga er synlege og er omringa av tal som dekker heile resten av ansiktet og utgjer ein digital kode. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mobiltelefonar, datamaskiner og digitale løysingar omgir oss heile tida. Derfor er det viktig å ha ei kritisk forståing av korleis digitaliseringa påverkar oss, slik at vi kan takle den digitale kvardagen vår på ein betre måte.

Gjennom å spele kodekammeret "Hekta?" skal du bli meir klar over ulike perspektiv på den digitale kvardagen din. Eit kodekammer er eit rom der vi må løyse nokre kodar for å komme oss vidare. Kodekammeret "Hekta?" består av fire rom. Romma tek for seg fire ulike perspektiv:

  • Teknologien: Korleis blir algoritmar, stordata og kunstig intelligens brukt til å påverke oss?

  • Hjernen: Korleis blir belønningssystemet til hjernen utnytta i digitale løysingar?

  • Det sosiale: Korleis kan spel og sosiale medium tilfredsstille eller utnytte dei sosiale behova våre?

  • Pengane: Korleis kan algoritmar og personopplysningar brukast til å tene pengar?

I etterarbeidet skal de fordjupe dykk meir i dei ulike perspektiva. Etterpå skal de løyse ulike praktiske casar ved hjelp av dei fire perspektiva. Dette jobbar de saman med i grupper.

Spel kodekammeret "Hekta?"

Denne læringsressursen er utvikla i samarbeid med Medietilsynet.


CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2023

Læringsressursar

Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din