Hopp til innhald
Spel

Hekta? Eit kodekammer om den digitale kvardagen din

Spel kodekammeret Hekta? Her får du utfordringar i fire kvardagssituasjonar. Kjem du deg gjennom dagen? Spel, fordjup dykk i eit emne, ver ekspert i ei gruppe og løys casar for å forstå kritisk mediekompetanse.

1. Spelet Hekta?

Tips til spelet
  • Spel i fullskjermmodus.

  • Spelet er eit kodekammer (escape room). Det vil seie at du må løyse nokre oppgåver og finne eit kodeord for å komme deg vidare i spelet.

  • Det kan gøyme seg informasjon mange stader i rommet. Legg merke til når musepeikaren går frå å vere ei open hand (🤚) til å peike(👆). Då kan du klikke.

  • Du kan velje å ha på lyd. Den slår du på nede i venstre hjørne (🔊).

  • Det kan vere lurt å opne videoar i fullskjermmodus òg. Videoane blir lukka igjen ved at du klikkar på knappen nede til høgre.

Lærarrettleiing

Ønsker du å få tilsendt lærarrettleiing? Skriv til oss på hjelp@ndla.no.

2. Bli ekspert! Fordjup deg i eit emne

Opprett basisgrupper og fordel dei fire temaa teknologi, hjernen, det sosiale og pengane på medlemmene i gruppa. De skal no bli ekspertar på kvart dykkar tema.

Individuelt arbeid

Jobb individuelt. Fordjup deg i dei oppgitte kjeldene og svar på spørsmåla under temaet ditt. Bruk cirka 20 minutt.

Teknologien
Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Finn svar på spørsmåla

Kvifor får vi opp ulik informasjon når vi søker på det same?

Korleis skaper algoritmar og kunstig intelligens ekkokammer?

Bruk kjeldene

Sentrale omgrep

Hjernen
Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Finn svar på spørsmåla

Kvifor er det vanskeleg å legge frå seg mobiltelefonen?

Når du overstyrer påskjønningssystemet i hjernen, kallar vi det sjølvregulering. List opp døme på sjølvregulering ved bruk av sosiale medium og dataspel.

Bruk kjeldene

Sentrale omgrep

  • påskjønning/

  • merksemd

Det sosiale
Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Finn svar på spørsmåla

Kvifor kan vi få positive kjensler etter sjølvpresentasjon i sosiale medium og dataspel?

I kva samanhengar kan vi få negative kjensler?

List opp døme.

Bruk kjeldene

Sentrale omgrep

  • gruppetilhøyrsel

Pengane
Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Finn svar på spørsmåla

Kvifor får vi opp reklame for produkt i etterkant av kjøp på nett?

Korleis kan vi tene pengar på personopplysningar?

Bruk kjeldene

Sentrale omgrep

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper. Dei som har fordjupa seg i same tema, jobbar saman. Bruk cirka 10 minutt.

a) Del det de har funne ut. Bruk gjerne hjelpespørsmåla:

  • Kva handlar temaet om?

  • Kva er viktigast?

  • Kva seier kjeldene?

  • Kva har de funne og reflektert rundt som svar på spørsmåla?

b) Førebu dykk òg på korleis temaet skal presenterast for basisgruppa.

3. Gruppearbeid

Deling og diskusjon

Set dykk tilbake i basisgruppene og presenter for kvarandre det de har funne ut. Kvar ekspert får tre–fire minutt til å presentere.

Vel og diskuter casane

Nedanfor finn de fem karikerte elevtypar. Vel to av dei. Diskuter:

  1. Korleis kan dei ulike perspektiva teknologien, hjernen, det sosiale og pengane bli brukte til å klargjere den situasjonen personane har komme i? Ta ein runde rundt bordet.

  2. Kva er grunnen til at dei har komme i denne situasjonen?

  3. Kva kan dei gjere for å løyse problemet sitt?

  4. Kan andre gjere noko for å hjelpe?

Gamar-Geir

Geir speler mykje online-spel og har mange venner som han chattar med på Discord. Han føler at han har eit greitt sosialt liv, men på skulen har han fått rolla som ein outsider som ingen snakkar med.

Eigentleg skulle Geir ønske at han var meir inkludert i miljøet i klassen, og at dei andre på skulen fekk sjå at han faktisk er ganske sosial. Dessutan har spelinga byrja å gå litt ut over både søvn og skulearbeid. Men han vil jo heller ikkje risikere å falle ut av gamar-miljøet.

Foreldra masar dessutan heile tida på at han bruker for mykje tid på speling. Han er frustrert og irritert over at dei ikkje forstår kor mykje han faktisk lærer gjennom spelinga og seier til dei: "De har aldri spelt noko, kva veit de om det?" Han blir skikkeleg irritert når dei bryt han av for å få han til å slutte.

Insta-Inga

Inga legg dagleg ut minst fem bilete på Instagram, to–tre videoar på Tik Tok og vanlegvis nokre innlegg på andre sosiale plattformer. Det beste Inga veit, er å få hjarte, tomlar opp og positive kommentarar.

Ho har fått så mange følgarar, at ho har byrja å få pakkar i posten med ansiktskremar, fotlukt og med lovnader om betaling. Noko er kult, noko er rart. Men det er jo gode pengar å tene.

Sjølv om Inga har tusenvis av følgarar i ulike kanalar, har ho eigentleg ingen nære venner. Ho er usikker på om avhengnaden hennar av sosiale medium er årsak til at ho slit med å få venner, eller om ho tyr til sosiale medium som ei trøyst fordi ho ikkje får seg venner.

FOMO-Frida

Frida er generelt redd for å gå glipp av ting. Det går sjeldan fleire minutt før ho sjekkar ulike sosiale medium. Det gjer det ikkje betre at ho har hatt nokre vanskelege opplevingar med å bli utestengd.

På skulen går dette både utover konsentrasjonen og karakterane. Det har til og med gått så langt at ho fekk nedsett åtferdskarakter til jul. Ho er nøydd til å forbetre seg før sommaren.

Frida mistenker òg at redselen hennar for å gå glipp av ting (FOMO), går ut over det sosiale livet. Nokre av vennene har irritert seg over at ho er på telefonen også når ho er med dei. Ho har fått kjeft av bestevennen Hilde for at ho konstant sjekkar telefonen når det berre er dei to saman. Viss Frida skal vere heilt ærleg med seg sjølv, veit ho at ho i slike sitasjoner ofte tenker: "Kanskje det er noko endå kulare som skjer ein annan stad?", sjølv om ho er saman med den beste vennen sin. Dette skammar ho seg litt over.

Konspi-Kåre

Kåre bruker mykje av tida si på å sjå YouTube-videoar og lese artiklar på obskure nettsider. Der les han om alt frå alternative teoriar om mellom anna covid-19-pandemien til innføringa av 5G-nettverket. Når Kåre først er i gong, kan han sitje i timevis.

Han liker spesielt godt å sjå videoar på YouTube, for der er det lett å fordjupe seg i ulike tema. YouTube foreslår kva videoar han bør sjå for å lære meir, og når han har sete slik ei god stund, kjenner han at han har god oversikt over temaet. Han merkar at adrenalinet pumpar, fordi det er spennande, og fordi han kjenner han har fått innsikt i noko viktig.

Mange på skulen synest Kåre er litt rar, men han sjølv tenker at dei er naive og berre sluker rått det "mainstream-media" vil at dei skal tru. Nokre av vennene hans er redde for at han skal forsvinne heilt ned i eit kaninhol og miste kontakten med verkelegheita. Dei er også bekymra fordi han nektar å ta vaksinen mot den farlege rotteinfluensaen som herjar på skulen.

Deg

Du er glad i appar og duppedittar og har ingen skruplar med å registrere deg på ulike nettstader eller i appar for å få gratis tilgang eller eit eller anna tilbod.

Problemet no er at appane og innboksane dine plingar heile tida, og du blir overaust av reklame og fleire "gode tilbod". Du har dessutan fått ein "digital hale" som du gjerne vil bli kvitt.

4. Presentasjon av gruppearbeidet

Samanfatt i plenum:

  • Kva casar var mest interessante å diskutere og kvifor?

  • Kva var dei beste løysingane de kom fram til?

  • Var nokon av perspektiva viktigare enn andre?

5. Eigenrefleksjon

  • Kjenner du andre som bør endre noko i den digitale kvardagen sin?

  • Korleis vil du gi dei råd?

  • Kjenner du deg sjølv igjen i nokon av casane?

  • Treng du å endre noko i din eigen digitale kvardag?

  • Kva kan du gjere?

Gratulerer! Du har no lykkast med !

Denne læringsressursen er utvikla i samarbeid med Medietilsynet.

Kjelder

Buckingham, D. (2007). Digital Media Literacies: rethinking media education in the age of the Internet i Research in Comparative and International Education, Volume 2, Number 1. London: Sage. Rhttps://journals.sagepub.com/doi/pdf/10.2304/rcie.2007.2.1.43

Datatilsynet. (2015). Det store datakappløpet. https://www.datatilsynet.no/globalassets/global/dokumenter-pdfer-skjema-ol/rettigheter-og-plikter/rapporter/kommersialisering-norsk-endelig.PDF

Dralega, C. A., Mainsah, H., Dahle, M. S. & Repstad, H. (2023). Dataspill og barns kritiske mediekompetanse. Medietilsynet/Rådet for Anvendt Medieforskning (RAM) Rapport. NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og Oslomet.

Ingulfsen, L. & Gilje, Ø. (2014). Mediekompetanserapporten 2014. En systematisk oversikt over studier av mediekompetanse i befolkningen. Medietilsynet. https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2015/mediekompetanserapporten_2014.PDF

Medietilsynet. (u.å.). Barn og medier. https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/barn-og-medier/

Medietilsynet. (u.å.). Kritisk medieforståelse. https://www.medietilsynet.no/digitale-medier/kritisk-medieforstaelse/

CC BY-SA 4.0Skrive av Eivind Sehested Zakariassen, Albertine Aaberge og Totaltekst AS.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2023