Hopp til innhald

Fagstoff

Dei digitale spora dine

Kvar dag etterlèt vi oss digitale spor, men det er kanskje ikkje alle spora du ønskjer skal vere der for alltid?
Person som brukar mobil og pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplysningar om deg blir lagra

Du legg igjen spor etter deg kvar dag. Veldig mange spor er no digitale, og her er det mykje vi ikkje er klar over at andre lagrar om oss. Har du lagt merke til at du har fått reklame på sosiale medium basert på andre nettstader du har besøkt, eller kor gammal du er?

Når du gjer eit søk på Google, bruker bankkortet, handlar på nett, legg igjen ein kommentar på Facebook eller ei nettavis, så blir det lagra opplysningar om deg. Kva du søkte på, der du handla i fysisk butikk og kva du kjøpte i ein nettbutikk. Banken veit kvar du har brukt bankkortet ditt, og både søkemotorar og nettsider lagrar informasjon om deg kvar gong du er innom.

Hugs at festbilete eller andre uheldige bilete på sosiale medium gjerne blir liggjande og kan finnast igjen av andre. Viss du skal søkje jobb ein gong, er det ikkje unaturleg at den moglege nye arbeidsgivaren din vil gjere eit nettsøk på deg før dei kallar deg inn til intervju.

Appar på telefonen din

Appar du bruker på telefonen din, anten det gjeld sosiale medium eller andre typar appar, kan både spore kvar du er, og også gi bort informasjon om deg til andre tenester. Det kan vere lurt å sjekke personverninnstillingane på appane du bruker.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Digitale spor og personvern