Hopp til innhald

Fagstoff

Personvern

Personvern handlar om privatlivet ditt og dine eigne val om kva du ønskjer å dele med andre.
Mobil- og datatilknyting og sikkerheit. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personopplysningar, åtferdsmønster og digitale spor

Personvern heng saman med både ulike personopplysningar om deg, dine eigne digitale spor, om brev i postkassa, rapportar frå helsevesenet. Dette er berre nokre få døme.

Ved hjelp av til dømes bankkort, opplysningar frå nett og appar på telefonen din, kan ein finne ut kvar og kva du handlar, kva seriar du ser på Netflix, kvar du rører deg og kva du søkjer om på nettet. Det er ei stor utfordring for personvernet at vi legg igjen så mange digitale spor som vi gjer.

Du har alltid rett til å verne om personopplysningar om deg sjølv. Personopplysningar er ein del av privatlivet ditt. Det er du sjølv som bestemmer kva folk skal få vite om deg, kva du vil dele og kva opplysningar du vil halde for deg sjølv.

Døme på personopplysningar som kan knytast til ein enkeltperson kan vere:

  • namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse
  • bilnummer
  • fingeravtrykk
  • DNA-profil
  • hovudform
  • fødselsnummer

Det blir slått stort opp i media viss til dømes ein bank, eit legesenter, sjukehusavdeling eller tannlege ikkje har hatt sterk nok datasikkerheit, og pasientopplysningar eller betalingsopplysningar har lege ope tilgjengeleg for ein periode. Dette er fordi uvedkomande som får tak i personnummeret ditt, adresse og sjukdomshistorie kan både bruke opplysningar til å utnytte deg eller bruke pengane dine. Det er ein grunn til at du skal skjule det når du skal trykkje koden på bankkortet ditt. Viss nokon får tak i bankkortet ditt og veit koden din, kan dei lett tømme kontoen for pengar.

Personvern i demokratiet

Retten til personvern er ein viktig menneskerett, og i Noreg er personvernet ein del av Grunnlova.

Alle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin. Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle tilfelle.

Dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten. (Grunnlova § 102)

Personvernet er eit sentralt element i eit demokrati. På Datatilsynet sine nettsider kan du lese:

Uten retten til å ha et privatliv vil det ikke være mulig for det enkelte mennesket å skape seg et rom til å utvikle refleksjoner og vurderinger på et selvstendig grunnlag, uten å bli forstyrret eller kontrollert av andre (Grunnlova § 102)

Viss personvernet er dårleg teke vare på, kan det òg leggje avgrensingar på meiningsutveksling, ytringsfridom og politisk aktivitet.

Ny personopplysningslov

Du har kanskje høyrt om GDPR? I 2018 fekk vi ny personopplysningslov. Den nye lova er ei blanding av EUs personvernforordning og nye nasjonale reglar. Lova er ganske omfattande, men i det store og heile handlar det om innsamling og bruk av personopplysningar. For dei fleste av oss gjeld det i hovudsak kva nettsider kan lagre av opplysningar om deg, og kor lenge dei kan lagre desse opplysningane. Du har rett til innsyn i kva private og offentlege bedrifter har lagra av personopplysningar om deg.

Og viss du lurer: GDPR står for General Data Protection Regulation.

Kjelder


Relatert innhald

Kvar dag etterlèt vi oss digitale spor, men det er kanskje ikkje alle spora du ønskjer skal vere der for alltid?

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Digitale spor og personvern