Hopp til innhald

Fagstoff

Den nordiske samfunnsmodellen – utfordringar og kritikk

Sjølv om dei nordiske landa er blant dei beste landa i verda å bu i, er det fleire utfordringar ved denne samfunnsmodellen.
Mann legg avfall i behaldar merka resirkulering. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg er det brei politisk semje om grunnprinsippa i den nordiske samfunnsmodellen. Det som er av usemje, handlar mellom anna om kor mykje staten skal gripe inn for å jamne ut forskjellar og kor mykje av velferdstenestene som skal kunne drivast av private. Enkelt forklart er spesielt opptekne av å jamne ut forskjellar, medan ønskjer meir privat drift av velferdstenester og eit lågare skattenivå.

Gratispassasjerar

Ein kritikk mot modellen har dreidd seg om at velferdsstaten gjer oss late, bortskjemde og at mange utnyttar og lurer systemet og er såkalla gratispassasjerar. Denne typen kritikk finn vi mest av på høgresida i politikken, som ofte er meir skeptisk til innføringa av nye velferdsordningar og ønskjer å setje strengare krav, slik at ingen skal misbruke systemet. Venstresida svarer då gjerne med at dette er ei urettferdig mistenkeleggjering av vanlege folk som har behov for støtte.

Ein berekraftig modell?

Ein annan kritikk av modellen er at han er avhengig av ein økonomisk vekst som ikkje er berekraftig for miljøet. Nokon meiner dette ikkje treng å vere noko problem så lenge vi klarer å produsere det vi treng ved hjelp av fornybar energi og fornybare materiale, såkalla "grøn vekst". Andre meiner vi er nøydde til forbruke mindre og akseptere ein lågare levestandard – i alle fall i dei rike landa. Slike argument kan vi finne i delar av miljørørsla og venstresida i norsk politikk.

Sterk stat = ufridom?

Den nordiske samfunnsmodellen krev ein stat som grip inn på mange område i samfunnet. Heilt sidan opplysingstidas på 1700-talet har det vore ei vanleg oppfatning at ein sterk stat går ut over den individuelle fridommen. Dette stemmer òg i totalitære samfunn, der staten kontrollerer alt frå kva du kan seie, kvar du skal bu og kva du skal jobbe med.

I dei nordiske landa kan ein derimot argumentere for at den sterke staten gir meir fridom til individa. Vi kan vere trygge på at dei grunnleggjande behova blir fylte av velferdsstaten. Det gjer oss til dømes mindre avhengige av hjelp frå foreldre eller ektefellar. Vi kan klare oss åleine og får større personleg fridom. Dette er eit av hovudpoenga i det komikaren Harald Eia kallar "Fridomsmaskinen", som du kan sjå i videoen under.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Den nordiske samfunnsmodellen