Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva gjekk gale på Island?

I 2008 opplevde verda ei finanskrise. På Island vart krisa spesielt alvorleg. Kva gjekk gale?

Sjå NRK-klippet frå 2009 om følgjene av finanskrisa på Island.

Finn informasjon om finanskrisa i 2008 generelt og krisa på Island og i Noreg spesielt. Finn ut følgjande:

  1. Kva var dei viktigaste årsakene til finanskrisa i 2008?
  2. Kva skjedde på Island?
  3. Kva er dei viktigaste grunnane til at det gjekk så gale på Island?
  4. Den nordiske samfunnsmodellen byggjer på trepartssamarbeid, velferdsstaten og økonomisk styring. Korleis kan desse politiske verktøya bidra til å førebyggje kriser i økonomien, og gjere eit samfunn betre rusta til å takle dei viss dei oppstår?
  5. Kva kunne ein gjort annleis på Island for å forhindre at krisa skulle slå så hardt ut der?
  6. Korleis gjekk det i Noreg?
  7. Kva er dei viktigaste forskjellane på Island og Noreg når det gjeld finanskrisa i 2008?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Den nordiske samfunnsmodellen