Hopp til innhald

Fagstoff

Den nordiske samfunnsmodellen

Dei nordiske landa toppar mange positive statistikkar. Kvifor er dei nordiske landa dei beste landa i verda å bu i? Den nordiske samfunnsmodellen er ein del av svaret.
Finsk, norsk, svensk, islandsk og dansk flagg blafrar i vinden. Foto.

Best i verda

  • låg arbeidsløyse
  • små lønnsforskjellar
  • høg kjøpekraft
  • stor grad av likestilling
  • stor grad av personleg fridom
  • høg utdanning
  • god helse
  • lite korrupsjon
  • høg tillit til styresmakter og medborgarar

På alle desse områda er dei nordiske landa Noreg, Sverige, Danmark, Island og Finland på topp i verda. Kva kjem det av?

Historisk bakgrunn

I mellomkrigstida var dei nordiske landa i ferd med å bli industrialiserte. Stadig fleire flytta til byane og jobba på fabrikkar. På denne tida var det i alle industrialiserte land store konfliktar som gav grobotn for antidemokratiske ideologiar som kommunisme, fascisme og nazisme. Ei av dei viktigaste konfliktlinjene stod mellom arbeidsgivarar og arbeidstakarar. I Norden enda desse konfliktane med at dei vart løyste gjennom samarbeid.

Trepartssamarbeidet

I Noreg skjedde dette i 1935, då arbeidstakarane (LO) og arbeidsgivarane (NHO) inngjekk Hovudavtalen som la grunnlaget for samarbeidet som skulle prege Noreg vidare. Staten vart òg ein viktig del av samarbeidet, og etter andre verdskrigen kan vi snakke om eit trepartssamarbeid mellom arbeidstakarar, arbeidsgivarar og staten. Målet med samarbeidet er å løyse konfliktar og komme fram til løysingar som er til fordel for alle partar. Dette samarbeidet er den første av tre søyler i den nordiske samfunnsmodellen.

Tempel med tre søyler. Over søylene står det den nordiske samfunnsmodellen og på hver av søylene trepartssamarbeid, velferdsstat og økonomisk styring. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre land som ikkje har same heilskaplege system rundt arbeids- og næringslivet, blir meir sårbare for endringar og kriser i økonomien. I den nordiske samfunnsmodellen skal dei ulike bransjane vise med kvarandre og finne løysingar som er best for fellesskapet, sjølv om det kan betyr at ein til dømes må gå ned i lønn.

Velferdsstaten

Trepartssamarbeidet skal gi tryggleik i arbeidslivet. Den same samarbeidsånda og solidaritetstanken finn vi i velferdsstaten, som veks fram på same tid. Staten tek ansvar for velferdsgode som utdanning, helse og eit sosialt tryggingsnett gjennom institusjonar som Lånekassen, helsevesenet og Nav. Dette gjer at alle får same moglegheit til å førebu seg til arbeidslivet gjennom utdanning og alle har tryggleik dersom dei skulle bli sjuke eller miste jobben. Velferdsstaten utgjer den andre søyla i den nordiske samfunnsmodellen.

Økonomisk styring

For å finansiere velferdsstaten treng staten inntekter. Det får han mellom anna ved å krevje inn skattar og avgifter. Staten styrer òg økonomien ved å regulere spelereglane for næringslivet gjennom lover, skattar og avgifter. Når staten styrer økonomien, er målet mellom anna å leggje til rette for økonomisk vekst, rettferdig konkurranse mellom bedriftene, tryggje arbeidsforhold, høg sysselsetjing og utjamning av forskjellar, men i dei seinare åra har det òg vore fokusert på miljø. Den økonomiske styringa har stor tyding både for arbeids- og næringslivet og for velferdsstaten, og blir rekna som den tredje søyla i den nordiske samfunnsmodellen.

Finanskrisa på Island

I 2008 opplevde verda ei alvorleg finanskrise. På Island vart dette spesielt alvorleg. Der hadde ein gått bort frå delar av den nordiske samfunnsmodellen det siste tiåret mens økonomien gjekk så det suste. Staten styrte økonomien i liten grad, og fokuset på velferdstenester vart mindre. Då finanskrisa i 2008 braut ut, kollapsa økonomien og fleire bankar gjekk konkurs. Island kom seg sidan på beina igjen, mellom anna ved hjelp av velferdstiltak og auka økonomisk styring.

Grunnleggjande verdiar

Dei tre søylene er avhengige av kvarandre for at modellen skal fungere. Velferdsstaten er eit spleiselag som blir finansiert gjennom skattar som folk har råd til å betale på grunn av samarbeidet mellom partane i arbeidslivet. Felles for alle søylene er at dei byggjer på samarbeid, solidaritet og tillit og har som mål å få resultat som er best for fellesskapet, samtidig som dei tek omsyn til minoritetar og individ. Dei nordiske landa har alle liberale demokrati med stor respekt for menneskerettane. Alt dette er grunnleggjande verdiar i den nordiske samfunnsmodellen.

Modellen kan dermed oppsummerast som ein samfunnsmodell som kviler på dei grunnleggjande verdiane demokrati, menneskerettar, solidaritet og tillit. Målet for modellen er personleg fridom, sosial likskap og økonomisk vekst. For å nå måla bruker ein midla trepartssamarbeid, velferdsstat og økonomisk styring.

Tempel med tre søyler.Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rik og lik

I videoen under forklarer komikaren Harald Eia korleis vi har klart å kombinere økonomisk vekst med sosial likskap ved hjelp av det økonomiprofessor Kalle Moene kallar "rik&lik-trikset".

Kjelder

• Amundsen, Bård (6.5.2011): "Derfor virker den nordiske modellen". forskning.no. Henta frå https://forskning.no/marked-internasjonalt-norges-forskningsrad-partner/derfor-virker-den-nordiske-modellen/795734

• Bengtsson, Jesper (2018): "Den nordiske modellen – hva kreves?" Tankesedjan tiden. Stockholm. Henta frå http://samak.info/wp-content/uploads/2018/01/Den-nordiske-modellen-%E2%80%93-Hva-kreves-norsk.pdf

• Doksheim, Markus (23.8.2018): "Hva er den nordiske modellen?". civita.no. Henta frå https://www.civita.no/politisk-ordbok/hva-er-den-nordiske-modellen

• Ødegård, Anne Mette (6.5.2012): "Den nordiske modellen – en vei ut av uføret?" nupi.no. Henta frå https://www.nupi.no/Skole/HHD-Artikler/2012/Den-nordiske-modellen-en-vei-ut-av-ufoeret

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Den nordiske samfunnsmodellen