Det norske økonomiske systemet - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Det norske økonomiske systemet

Det norske økonomiske systemet blir kalla blandingsøkonomi. Dette systemet er ei blanding av to ytterpunkt: marknadsøkonomi og planøkonomi. Begge desse er økonomiske system som, i si ekstreme form, er vanskelege å finne i praksis.

Den mest kjende marknadsøkonomien finst nok i USA, men han er langt frå reindyrka. På den andre fløya finn vi dei sosialistiske eller kommunistiske systema, men dei blir det stadig færre av. For å forstå omgrepet blandingsøkonomi må vi først sjå på nokre kjenneteikn ved planøkonomi og marknadsøkonomi.

Planøkonomi – den dominerande staten

Vi skal no sjå på nokre kjenneteikn ved eit ekstremt planøkonomisk system.

  • I ein planøkonomi grip staten inn på alle nivå og fordeler gode og byrder i samfunnet.
  • I ein planøkonomi eig staten dei viktigaste produksjonsmidla i samfunnet.
  • I ein planøkonomi er produksjon og sal av varer og tenester styrt av staten.
  • I ein planøkonomi er alle garantert arbeid.

Marknadsøkonomi – den svake nattvektarstaten

  • I ein marknadsøkonomi er staten lite aktiv og blandar seg i liten grad inn i fordelinga av gode og byrder i samfunnet.
  • I ein marknadsøkonomi er det private som eig produksjonsmidla, det vil seie fabrikkar, bankar, sjukehus og så vidare.
  • I ein marknadsøkonomi er produksjon av varer og tenester regulert av dei behova som marknaden har (marknadsstyrt).
  • I ein marknadsøkonomi er høvet til å skaffe seg arbeid styrt av tilbod og etterspurnad (marknadsstyrt).

Blandingsøkonomi – mellom plan og marknad

Det norske blandingsøkonomiske systemet hentar element både frå planøkonomi og frå marknadsøkonomi. Her følgjer nokre kjenneteikn ved det norske økonomiske systemet:

Fordeling av gode og byrder

Staten gjer seg til ein viss grad gjeldande i fordelinga av gode og byrder i samfunnet, blant anna gjennom lovgiving og i skatte- og avgiftspolitikken. Fleire organisasjonar forhandlar med staten om fordeling av gode og byrder. Bondeorganisasjonane forhandlar med staten om statstilskott for å gjere det mindre byrdefullt å produsere landbruksvarer i Noreg.

Produksjonsmidla

Private eig store delar av produksjonsmidla, men staten, fylka og kommunane eig også bedrifter. I Noreg blir det no meir vanleg at staten gjer bedriftene sine om til aksjeselskap, men sit med aksjemajoriteten (meir enn 50 % av aksjane). Tenk over kven som eig til dømes bankar og forsikringsselskap, fabrikkar, butikkar, jord, skog, sjukehus, skolar og kommunikasjonsmiddel.

Produksjon og sal

Produksjon og sal er i stor grad styrt av tilbod og etterspurnad, men staten grip inn med lovgiving. Her følgjer døme på slik lovgiving:

  • Arbeidsmiljølova regulerer produksjonsmiljøet i bedriftene og sikrar arbeidstakarrettane.
  • Marknadsføringslova sikrar forbrukaren mot utilbørleg marknadsføring.
  • Offentleg produktkontroll kan mellom anna forby produksjon og sal av helsefarlege produkt.
  • Kjøpslova regulerer forhold mellom kjøpar og seljar.
  • Staten grip også inn og sørgjer for at prisane på skadelege produkt, som alkohol og tobakk, ikkje utelukkande er styrte av marknaden. Samstundes må staten sikre ein minimumsproduksjon i Noreg i tilfelle krig eller andre katastrofar.

Forhandlingsøkonomi

Lønnsfastsettinga skjer for det meste ved forhandlingar mellom dei som sel (arbeidstakarane) og dei som kjøper arbeid (arbeidsgivarane). Men staten kan gripe inn når partane i arbeidslivet forhandlar, til dømes med tvungen lønnsnemnd. Fleire organisasjonar forhandlar også med staten. Som vi har sett, forhandlar staten med bøndene for å sikre at matvarer ikkje blir for dyre, og at matvareproduksjonen skal skje i heile landet. Dette siste har også å gjere med distriktsutbygging og beredskapspolitikk.

Offentleg og privat sektor

Vi ser her at næringslivet i Noreg kan delast i to delar eller sektorar – offentleg og privat sektor.

  • Offentleg sektor har tradisjonelt vore oppfatta som verksemder der staten, fylkeskommunar eller kommunar er eigarar og arbeidsgivarar. Offentleg sektor står for vel 16 % av BNP (bruttonasjonalprodukt – BNP – er her verdien av dei varene og tenestene som blir produserte i løpet av eit år i «Fastlands-Noreg»).
  • Privat sektor er da resten av næringslivet: private industribedrifter, jordbruk, fiske, handelsbedrifter, private bankar og så vidare.
Skrive av Ole Steinar Tøtlandsmo.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2017