Hopp til innhald

Fagstoff

Velferdsstaten

Velferdsstaten skal fungere som ei forsikring om noko går gale og sikre alle lik moglegheit til utdanning.
Kvinneleg lege sjekker øyret til en gut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er velferdsstaten?

I den norske velferdsstaten tek vi vare på innbyggjarane slik at alle er sikra eit minimum av levestandard, uavhengig av eigen eller inntekta til foreldra. Velferdsstaten har vore kjempa fram politisk over lang tid, spesielt i etterkrigsåra.

Mange brukar uttrykket «velferdsstat frå vogge til grav», men kva ligg i det? Alle foreldre har rett til betalt foreldrepermisjon eller økonomisk støtte. Barn og unge har rett til barnehage og skulegang finansiert av staten. Vi har rett til behandling hos ein fastlege, og vi mistar ikkje nødvendigvis lønna dersom vi blir sjuke og må vere borte frå arbeidet. Dette er berre nokon av elementa som inngår i omgrepet velferdsstat.

Alle som er busette i Noreg er medlem i folketrygda, og viss du er i arbeid eller får pensjon, går ein del av skatten din til trygdeavgift. Som medlem av folketrygda har du rett på ein del velferdsgode, som til dømes:

  • alderspensjon
  • arbeidsløysetrygd
  • uføretrygd
  • sjukepengar
  • arbeidsavklaringspengar

Tenk over:

På kva måtar har velferdsstaten hjelpt deg frå du vart fødd og fram til i dag?

Velferda blir finansiert mellom anna gjennom skattar og avgifter som vi alle må vere med på å betale inn til fellesskapet. Slik sett blir velferdsstaten sikra gjennom arbeidet som blir utført rundt om i landet. Men det blir problematisk når færre er i inntektsgjevande arbeid, samtidig som folk lever stadig lenger.

Det skal lønne seg å jobbe

Mange av velferdsordningane vi har i dag får ein ta del i gjennom å jobbe. Du får rett til arbeidsløysetrygd, sjukepengar og svangerskapspermisjon. Det har ført til at Noreg er eit av dei landa i verda kor flest kvinner jobbar, og vi har høge fruktbarheitstal. Dette igjen er med på å finansiere velferdsgoda. Slik får nemleg staten inn fleire skattekroner, og det blir skapt økonomisk vekst.

Kvifor har vi ein velferdsstat?

Den grunnleggjande tanken bak velferdsstaten er at staten har teke på seg ansvaret for å sikre velferda til alle i samfunnet. Mellom anna skal dei som ikkje er i stand til å forsørgje seg sjølv, blir sikra livsopphald.

Bak denne tankegangen ligg det eit ønske om å unngå konfliktar i samfunnet og dermed utvikle samfunnet vidare. Når vi har ein stat som sikrar ein økonomisk, så vil det vere lettare for nokon å ta økonomiske sjansar og dermed skape økonomisk vekst. Det vil òg vere lettare å få til omstillingar i samfunnet. Eit døme her er den globale økonomiske krisa i 2009 eller korona-pandemien i 2020.

Undersøk!

Ta for deg ei krise som Noreg har opplevd i nyare tid, og finn døme på eitt eller fleire ekstraordinære velferdstiltak som blei sette i verk.

Relatert innhald

Kva utfordringar vil velferdsstaten møte i framtida? Er det pengar igjen til deg når du blir gammal?

Målet til den norske velferdsstaten var å sikre alle norske innbyggarar eit økonomisk tryggleiksnett.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2020

Læringsressursar

Den nordiske samfunnsmodellen