Hopp til innhald
Fagartikkel

Ein fellesskap av forskjellar

Har minoritetsungdom felles møteplassar og miljø? Og korleis finn dei eventuelt saman? Det har sosialantropologen Viggo Vestel ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) prøvd å finne ut noko om.

Ungdomskultur

– I periodar vart det mykje skriveri om gjengar og negative ting i område der det bur mange innvandrar, men eg vart overraska over kor gode venner folk var. Venner og kjærastar fann kvarandre på tvers av etnisiteten, seier Vestel.

Forskaren fortel at hiphop er ein sterk brubyggjar i musikkverda. Til dømes er sjangeren ein viktig kanal for politisk engasjement blant minoritetsungdom – sjølv om det går an å setje spørsmålsteikn ved ein del av dei verdiane hiphopen står for. Også i sporten speler bakgrunn og språk ei underordna rolle.

Til ettertanke

Sportsarenaer og musikkscenar er blant dei stadene der folk finn saman på tvers av kulturar. Kvifor er det slik?

– Det er vanskeleg og opprørande å kjenne seg framand. Og det er viktig å komme inn i ein fellesskap der ein kan møte venner og få stadfesta seg sjølv, seier Vestel.

Norsk, men ...

Ein stadig større del av innvandrarbefolkninga er både fødd og oppvaksen i Noreg.

– Dei som er fødde i Noreg, føler seg stort sett norske. Men fleire kvir seg likevel for å kalle seg det. Minoritetsungdom kan oppleve at dei ikkje oppfyller ideen om kva det vil seie å vere norsk, seier Mette Andersson, professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Ungdom taklar utfordringane på svært ulike måtar, fortel Andersson. Somme går i opposisjon, andre bryr seg ikkje. Somme kan føle at dei er mindre verde.

– Ungdommar eg har snakka med, har sagt klart at dei synest det er viktig å ha eit felles miljø. Å forstå andres familietradisjonar og kjenne korleis det er å vere norsk med ein annan bakgrunn, det er eit sterkt erfaringsgrunnlag, seier Andersson.

Dårleg rykte

Innvandringsgrupper eller bydelar med mange innvandrarar kan fort bli uglesett viss det skjer noko negativt, fortel Viggo Vestel.

– Det kan vere slagsmål, tjuveri eller hærverk. Og eit dårleg rykte kan vere svært problematisk for andre som bur der. Somme speler på tøffingstempelet, men ungdommane kan også føle at dei må forklare og forsvare seg når dei møter folk som har idear om korleis området deira er, seier han.

Sjølv om det alltid kjem til å vere konfliktar og dårlege miljø, er det andre ting ved ungdomsmiljøa Vestel har bite seg merke i.

– Det har slått meg kor mykje ressursar det finst innan sport, hiphop og dans i til dømes Groruddalen. Det gløymer vi ofte, seier han.

Før og no

Etter perioden med arbeidsinnvandring frå mellom anna Pakistan på 1960- og 1970-talet, har flyktningar og asylsøkjarar dominert innvandringa til Noreg. I dag er rundt 15,6 prosent av befolkninga i Noreg innvandrarar, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Forskarane meiner innvandrarane i dag møter eit ganske anna Noreg enn dei som flytta til landet for nokre tiår sidan.

– No bur det fleire med ein annan bakgrunn her, og det har nok vorte lettare å bli godtatt som norsk. Innvandrarar er ikkje lenger like «eksotiske», sjølv om mottakinga nok varierer litt etter kor du bur, og korleis du ser ut, seier Andersson.

– Og på den andre sida har den europeiske innvandringsdebatten hardna til. Også den norske debatten har vorte røffare, held ho fram.

Vestel trur innvandrarane kan møte meir motbør viss samfunnet oppfattar gruppa dei høyrer til, som dominerande.

– Men det er naturleg å flytte til ein stad der ein har kjende. Faren er at miljøa blir svært lukka, men mitt inntrykk er at det er lite av det blant dei unge, seier Vestel.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Minoritetar, kultur og fordommar

Oppgåver om minoritetar, kultur og fordommar. Stikkord for oppgåvene er statistikk, samhald, fordommar og rasisme.