Hopp til innhald

Fagstoff

Majoritet og minoritet

Majoritet betyr fleirtal og minoritet betyr mindretal, men kven er det som er majoritet og minoritetar i Noreg og dei samiske områda?
Fire venner av ulike etnisk bakgrunn står saman på ein t-banestasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er majoritet og minoritet?

Ordet "majoritet" betyr fleirtal. I mange tilfelle betyr majoritet fleirtalet i eit samfunn. Vi snakkar gjerne om ein majoritet i forhold til en eller fleire minoritetar, nokon som skil seg ut frå fleirtalet på ein eller fleire måtar.

Omgrepet minoritet kan vise til forskjellige ting: ein kan vere ein minoritet av blant anna seksuell, religiøs, språkleg eller etnisk art. Vi skal i denne samanhengen fokusere på grupper som blir sett på som etniske minoritetar i Noreg og i dei samiske områda, også kalla Sápmi.

Minoritetsgrupper har ein underordna posisjon i samfunnet, men er ikkje naudsynleg i mindretal. Under i Sør-Afrika såg ein på den svarte befolkninga som minoritet, sjølv om dei var majoritet reint talmessig. Den kvite befolkninga var den dominerande og vart rekna som majoritet. Dette er eit døme på at omgrepa majoritet og minoritet ofte handlar om makt, og ikkje tal.

Majoritet i Noreg

"Den norske majoritetsbefolkninga" kan vise til litt ulike grupper i ulike samanhengar. Snakkar vi om seksuell legning, er majoriteten heterofil. Snakkar vi om etnisitet, er majoriteten dei som er lyse i huda og oppvaksne i Noreg med norsk familiebakgrunn. Når det gjeld kultur, er språket det som kanskje tydelegast skil majoritet frå minoritet. Dei som har norsk som morsmål, er majoriteten.

Når det gjeld religion, har protestantisk kristendom tradisjonelt vore religionen til majoriteten i Noreg. Dette er likevel eit område som er i endring. Stadig færre er praktiserande og truande kristne. Undersøkingar viser til dømes at 90 % av kristne studentar skjuler trua si i mange samanhengar. Dette kan tyde på at ein del kristne i Noreg oppfattar seg sjølve som ein del av ein religiøs minoritet. Likevel kan vi seie at majoriteten i Noreg er prega av ein kristen kultur. Dei fleste feirar jul og kjenner til sentrale historier i Bibelen, til dømes.

Andre typiske trekk som vi ofte knyter til den norske majoritetskulturen, er høg grad av tillit, verdsetjing av naturen og tru på demokratiet. Men også meir negative trekk som det å vere lite opne og utettervende, og det å ikkje unne andre suksess (den såkalla Jantelova). I det daglege er det som skil majoritet frå minoritet kanskje mest dei små tinga, som å kjenne til sosiale kodar, språklege uttrykk og kulturelle referansar. Det kan til dømes vere det at ein ikkje set seg ved sida av nokon på bussen viss det finst andre ledige sete, eller at ein veit kva Jantelova er.

Minoritetar i Noreg

Noreg er eit mangfaldig samfunn. Her i landet vil du møte menneske som høyrer til ulike yrke, sosiale lag og forskjellige etniske grupper.

I Noreg vi har fleire typar minoritetar, og fem av desse er nasjonale minoritetar. Dei er definerte som etniske grupper som har lang tilknyting til landet: jødar, kvenar, rom (sigøynar), romani (tater, reisande) og skogfinnar.

Samane har status som urfolk. Urfolk er ei befolkningsgruppe som har levd i områda frå langt tilbake og lenge før staten sine grenser blei fastlagde. Dei skal heilt eller delvis ha bevart den tradisjonelle kulturen og levesettet sitt.

Ein annan type minoritetar er folk som har komme hit som flyktningar eller har innvandra av andre grunnar, til dømes arbeidsinnvandring. 5,1 % av Noregs befolkning har flyktningbakgrunn, mens det totale talet innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er på 16 %. Av desse kjem 9,1 % frå Europa.

Majoritet, minoritet og makt

Eit samfunn med ulike etniske grupper og forskjellar på korleis dei stiller seg til kvarandre, kan bere preg av eit ujamt maktforhold. Det er ikkje gitt at alle gruppene har like mykje dei skulle ha sagt. Samstundes er det sagt at kvaliteten på eit demokrati best kan målast ut frå korleis demokratiet behandlar minoritetane sine.

Når majoriteten er den styrande makta i eit land, kan det påverke kulturen og levesettet til minoriteten. Det er ikkje alltid sånn at alle aksepterer at minoritetane lever ut og viser fram kulturen sin.

Tenk over

I kva for samanhengar kan det vere vanskeleg for minoritetar i Noreg å leve ut kulturen sin?

Sjølv om 16 % av befolkninga har innvandrarbakgrunn, er det ikkje alle desse som har røysterett ved stortingsval. Ved stortingsvalet i 2021 hadde 9 % av dei røysteføre innvandrarbakgrunn. Eit anna viktig aspekt ved vala er kor stor del minoritetar det er på partilistene. Berre 6 % av stortingsrepresentantane har innvandrarbakgrunn.

Samane og samisk representasjon

Samane er urfolket i Noreg og Norden, og har opp gjennom historia opplevd undertrykking og blitt underlagt fornorsking av den norske majoriteten. Samane har sitt eige folkevalde organ, Sametinget, som er oppretta for å sikre den samiske befolkninga politisk representasjon og medverknad. Sametinget blei oppretta i 1989.

Kjelder

Døving, C. A. (29.09.2023): Hva er en minoritet? HL-senteret. Henta frå https://www.hlsenteret.no/undervisning/kunnskapsbasen/livssyn/minoriteter/hva-er-en-minoritet/hva-er-en-minoritet

Helgestad, L-H. (2018, 11. juni). Den største endringen i livssyns-Norge. Fri tanke. Hentet fra https://fritanke.no/den-storste-endringen-i-livssyns-norge/19.10842

Nustad, K.H. & Halleraker, G. (2019, 19. september). Studvest. Hentet fra https://www.studvest.no/kultur/undersokelse-91-prosent-av-kristne-studenter-er-ikke-apne-om-troen-sin/119419

Statistisk sentralbyrå (6.3.2023): Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldre, ssb.no. Henta frå https://www.ssb.no/befolkning/innvandrere/statistikk/innvandrere-og-norskfodte-med-innvandrerforeldre

Statistisk sentralbyrå (14.12.2022): Innvandrere og stortingsvalget 2021, ssb.no. Henta frå https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/artikler/innvandrere-og-stortingsvalget-2021

Relatert innhald

Sametinget har eit særleg ansvar for å arbeide med saker som gjeld den samiske delen av befolkninga.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi, Kai Arne Ulriksen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi