Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk film

I dag ser vi at det blir produsert stadig fleire filmar av samiske filmskaparar. Sjølv om det blir laga flest kortfilmar, har spelefilmane fått stor oppslutning og anerkjenning. Etter etableringa av Internasjonalt Samisk Filminstitutt har talet på samiske filmproduksjonar auka.
Tre kvinner i tradisjonelle samiske draktar. Foto

I 2009 blei Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) etablert i i Kautokeino. Med eit eige filminstitutt har samiske filmskaparar fått moglegheita til å søkje om økonomisk støtte til eigne filmproduksjonar.

Spelefilmar

Veiviseren (1987), regissert av norsk-samiske Nils Gaup, blir rekna som den første spelefilmen med nordsamisk tale. Veiviseren er ein av få norske spelefilmar som har oppnådd å bli nominert til Oscar-prisen for beste framandspråklege film. Filmen fekk også Amandaprisen for beste norske film i 1988.

Nils Gaup har også regissert Kautokeino-opprøret. Denne filmen baserer seg på opprøret i Kautokeino i 1852.

Sameblod (2016) er den første spelefilmen med sørsamisk tale. Det er også den første langfilmen som er laga av ei kvinne med samisk bakgrunn. Amanda Kernell er ein svensk-samisk filmskaper fra Umeå i Sverige. Ho byrja å regissere filmar allereie som 18-åring og laga ei rekkje kortfilmar før ho kom med spelefilmen Sameblod.

Kernells langfilmdebut blei møtt med svært gode kritikkar då den hadde verdspremiere på filmfestivalen i Venezia. Han har sidan blitt vist på ei rekkje festivalar verda over.

Kortfilmar

Der fleire av dei samiske spelefilmane i stor grad handlar om korleis samane opp gjennom historia har blitt utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet, har kortfilmane ofte ein annan tematikk.

Det blir laga alt frå nyskapande musikkvideoar, studentfilmar og kunstfilmar til animasjonsfilmar for barn. Det blir også laga kortfilmar om samisk identitet og om samisk ungdomskultur.

TV-seriar

Familieserien Ante frå 1970-talet er det mange forbind med samisk TV-serie. Det er til no ikkje produsert mange samiske TV-seriar, men det kan sjå ut som at dette er i ferd med å endre seg.

Samenes tid (2018) er ein miniserie i tre delar som ligg tilgjengeleg på NRKs nettsider. Serien har som målsetting å auke den allmenne kunnskapen om samane. Serien har svensk tale og er ein samproduksjon mellom fleire nordiske allmennkringkastarar.

Hausten 2018 bestemte NRK seg for å lage ein ny samisk TV-serie som sin neste drama-satsing. TV-serien skal etter planen vere ferdig i 2023.

Lenker til relevante nettsteder

Kilder

S. Oskal, M. B., & Larsson, C.-G. (2018, 21. november). NRKs neste storsatsing: – På høy tid med samisk dramaserie. Henta 6. desember frå https://www.nrk.no/sapmi/nrks-neste-store-dramasatsing-er-en-samisk-dramaserie-1.14302279

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi