Hopp til innhald

Fagstoff

Innvandrarar i Noreg

I Noreg har vi ei rekkje minoritetar som har komme hit av ulike årsaker, og i dag er vi eit fleirkulturelt samfunn. Vi skal sjå litt på desse årsakene og døme på dei største gruppene minoritetar i landet.
Tre tenåringsgutar med forskjellig kulturell bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innvandring

Ein innvandrar er ein person som har opphald og bur i Noreg, men er fødd i utlandet av utanlandsfødde foreldre. Av alle innvandrarar i Noreg er det per 1. januar 2020 nesten 50 % som kjem frå europeiske land. Dei fleste som ikkje kjem frå Europa, kjem frå Asia. 33,5 % av innvandrarar i Noreg kjem frå land i Asia.

Folk har og har hatt ulike grunnar til å innvandre til Noreg, og vi skal sjå litt på ulike omgrep knytte til innvandring.

Arbeidsinnvandring

Arbeidsinnvandrarar er personar som har lovleg opphald i Noreg for å jobbe. Noreg har historisk sett hatt arbeidsinnvandring frå langt tilbake i tid, men i 1975 vart det innført ei lov som mellombels stoppa arbeidsinnvandringa, sjølv om det vart gjort unntak for spesialistar. Etter 2000 har vi fått ei oppmjuking av reglane, og vi har fått fleire arbeidsinnvandrarar dei siste tjue åra. Dette skjedde særleg etter at ti austeuropeiske land vart med i EU i 2004. Gjennom EØS-samarbeidet kan land innanfor EU/EØS fritt reise til andre land for å jobbe. Skal ein vere i meir enn tre månader, må ein søkje spesielt om opphald for arbeid.

Arbeidsinnvandring er ei av årsakene til at vi har mange innvandrarar frå Europa.

Flyktningar

Flyktningar er personar som har fått asylstatus eller som har fått opphald etter FNs flyktningkonvensjon. Flyktningkonvensjonen seier at alle menneske har rett til å søkje vern i eit anna land, og at flyktningar ikkje kan returnerast til land der dei vil bli forfølgde.

Flyktningar og flyktningstatus heng tett saman med neste punkt om asylsøkjarar og asyl.

Asylsøkjarar og asyl

Asylsøkjarar er personar som søkjar om asyl og vern som flyktning. Ein er asylsøkjar fram til UDI (Utlendingsdirektoratet) har avgjort søknaden.

Asyl som omgrep betyr fristad mot forfølging, og er ein status som blir gitt til flyktningar som fryktar forfølging på grunn av rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller tilhøyrsle til ei spesiell gruppe. Det er staten, ved UDI, som tek avgjerda om ein asylsøkjar kan få asyl. Dei kan òg gi asyl i Noreg ved å hente personar frå flyktningleirar.

Kvar kjem innvandrarar i Noreg frå?

Per 1.1.2020 bur det nær 800 000 innvandrarar i Noreg. Det svarer til 14.7 % av befolkninga. Innvandrarar er personar som er fødde i utlandet av to utanlandsfødde foreldre og fire utanlandsfødde besteforeldre.

I dag er det klart flest innvandrarar frå Polen. Dei fleste av desse har komme som arbeidsinnvandrarar. Over 100 000 innvandrarar kjem frå Polen. Det er til samanlikning 40 000 litauarar i Noreg, og Litauen er på andreplass på lista over talet på innvandrarar. På dei neste plassane finn vi Somalia, Sverige, Pakistan og Syria.

Norskfødde med innvandrarforeldre

Norskfødde med innvandrarforeldre er ein eigen kategori i statistikken. Definisjonen her er personar som er fødde i Noreg av utenlandsfødde foreldre og som i tillegg har fire utenlandsfødde besteforeldre. Det er i dag (2020) 188 757 norskfødde med innvandrarforeldre. Det er auke frå året før, og det er ikkje så rart. Jo lenger innvandrarar blir i Noreg, jo fleire norskfødde med innvandrarforeldre får vi. I tillegg er det i dag ei rekkje barnebarn av innvandrarar, då fleire av minoritetsgruppene som kom tidleg har fått fleire ledd med etterkommarar.

Det finst flest norskfødde med innvandrarforeldre frå Pakistan. Deretter følgjer dei med foreldre frå Somalia, Polen og Irak.

Kjelder

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi