Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bakgrunn for innvandring

Kva er bakgrunnen for innvandring til Noreg? Som du har sett, kan det vere både i form av arbeidsinnvandring eller som flyktningar og asylsøkjarar. Her skal du sjå litt bak tala og også undersøkje meir om ein innvandrar frå eit valt land.

Oppgåve 1:

Studer grafen frå SSB. Han viser innvandringsgrunn frå 1992 til 2019. Hugs at du òg kan føre pila over grafen for å sjå nærare på tala.

  1. Ut i frå grafen, kva er grunnen til at flest har komme til Noreg dei siste åra? Kvifor er det sånn, trur du? Finn ekstrainformasjon som gjer at du kan forklare tala.
  2. Det er tre store toppar for innvandring på bakgrunn av flukt. Sjekk grafen for flukt, finn ut kva år det var og kva som skjedde i verda som gjorde at ein fekk desse toppane av flyktningar.
  3. Grafen frå SSB går tilbake til 1992, men det har komme innvandrarar til Noreg av ulike årsaker i lang tid. Finn ut når dei første flyktningane kom til Noreg, og kva som var årsaka til at dei kom.

Oppgåve 2:

Du skal no lage ein presentasjon av innvandrarar frå eit valt land. Du skal ha med noko fakta om bakgrunnen for innvandringa og dessutan om kulturen til dei som bur i Noreg i dag.

Du kan velje land ut i frå din eigen bakgrunn eller eit land, folk og kultur du er nysgjerrig på.

Dette er nokre spørsmål du bør finne svar på:

  • Kva er bakgrunnen for innvandringa frå dette landet?
  • I kva periode kom det flest til Noreg?
  • Kor mange innvandrarar frå ditt valde land bur i Noreg i dag? Her kan du gjerne òg ta med norskfødde med innvandrarforeldre.
  • Er det mange truande frå dette landet? Kva tru vedkjenner i så fall dei fleste seg?
  • Kva for nokre kulturelle kjenneteikn er vanleg for denne innvandrargruppa? Mat, klede, familieforhold m.m.
  • Er det stor forskjell på kulturen i landet dei kjem frå og den kulturen dei praktiserer her i Noreg?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Majoritet og minoritet i Noreg og Sápmi