Hopp til innhald

Fagstoff

Å reise i Kina

På veg til hovudstaden i Yúnnán云南 -provinsen, Kūnmíng 昆明, på midten av 80-talet mellomlanda flya i byen Nánníng 南宁 – det var nemleg tid for å ete lunsj. Ein reiste i det heile teke med betre bakkekontakt då, og mat hadde som vanleg forrang.
Turister strekker armene opp
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagens enorme endringar i samferdselssektoren speglar dei spektakulære samfunnsmessige endringane i Kina. Ulempa er at flymaten er kjedeleg.

Frislepp (nesten)

Viss ein vil reise i Kina i dag, er det nesten berre fantasien som set grenser. Det er rett nok framleis av og til avgrensingar i område med politiske spenningar, som Tibet (Xīzàng 西藏) og Xīnjiāng 新疆, men elles kan ein stort sett reise som ein vil. Framfor alt kjem ein raskare fram. Togreisa mellom byen Guǎngzhōu 广州 i sør og hovudstaden Běijīng 北京 i nord tok tidlegare 36 timer, i dag tek ho 8–10 timar. Den største endringa har truleg vore at vegnettet har blitt bygd ut i takt med den aukande bilbruken. Det blir produsert fleire bilar i Kina i dag enn i noko anna land, og dei fleste av desse bilane køyrer på kinesiske vegar. I tillegg er Kina ein lukrativ marknad for utanlandske bilprodusentar, særleg når det gjeld dyrare bilar. Men den auka bilbruken er òg blitt ei alvorleg miljøbelasting, særleg for folk i byar.

Strategiske satsingar

Det kan òg liggje politiske eller strategiske vurderingar bak meir effektiv kommunikasjon. Jernbana til Lhasa (Lāsà 拉萨) i Tibet er eit eksempel på eit imponerande stykke ingeniørkunst som blei ferdigstilt i 2006, og som utan tvil blei etablert av strategiske grunnar. Ho blei forlenga til Shigatse (Rìkèzé 日客则) i det sørlege Tibet i 2014 og vil kanskje bli forlenga til grensa til Nepal og det indiskokkuperte Sikkim i sør. Ei anna strategisk jernbanelinje som blei ferdigbygd i 1999, var til Kashgar (Kāshí 喀什) lengst sørvest i Xinjiang, regionen til uighurane med sjølvstyre. Ho har seinare blitt forlenga til Khotan (Hétián 和田) i det sørlege Xinjiang.

Togstasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tog er best

Det finst ei lang rekkje måtar å reise på i Kina, alt etter kva ein er ute etter. Det ligg mykje nyttig informasjon ute på nettet. Dei beste tidene å reise på er førsommaren og hausten, men ein kan fint reise til Kina heile året. Som oftast finn ein nokon som i det minste kan litt engelsk, men om ein lærer seg litt kinesisk, vil mange dører opne seg.

For å komme fram raskast mogleg er det fly som gjeld, men ein kan komme nesten like raskt fram med dei raskaste toglinjene som går mellom ein del storbyar. Viss ein vil bruke tid på å bli betre kjend med det skiftande landskapet i landet, er vanleg tog det beste. Forutan turen til Lhasa er den mest spektakulære togstrekninga den som går mellom Chéngdū og Kúnmíng 成都-昆明 i Sørvest-Kina. Viss ein ønskjer å komme tettare innpå folkelivet om bord, kan ein på lengre strekningar kjøpe billett til ein «hard liggjeklasse», som slett ikkje er ubehageleg etter våre standardar om ein er van med eit enkelt hytteliv.

Langsame reiser

Om ein har sjansen til det, bør ein koste på seg meir langsame måtar å ta seg fram på. Lengre bussturar i meir fjerntliggjade strøk er fint når ein vil komme seg ned på den pulserande grasrota eller til stader der tida nesten har stått stille. Då får ein òg eit godt inntrykk av dei store utviklingsforskjellane i landet.

Dei fleste minoritetsfolk bur i dei meir uframkommelege delane av landet. Ein annan langsam måte å reise på er via elver, for eksempel ved å ta ein tur på Keisarkanalen (Dà Yùnhé 大运河, Den store kanalen), som historisk sett laupte frå Hángzhōu 杭州 i Sør-Kina til Beijing, og som er i full drift delar av strekninga.

Turister på sykkeltur
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nostalgiske reiser

Det er først dei siste 15–20 åra at kinesarar er blitt turistar i sitt eige land i stor skala. Tidlegare var det kinesiske samfunnet meir stasjonært, både på grunn av tradisjonar og politisk kontroll. Før i tida reiste ein sjeldan lenger enn til fylkesbyen eller provinshovudstaden. Nokre drog kanskje på ei valfartsreise til hovudstaden i landet, Beijing. No oppsøkjer kinesisk ungdom til og med barske omgivnader og dreg på fotturar og fjellturar. Utvalet av «opplevingsreiser» er blitt stort. Ein kan bli med på alt frå «raude turistreiser», det vil seie til viktige stader i kommunistpartiet si historie, eller på «bondeferiar», der ein kan leve enkelt og ete tradisjonsmat i landlege omgivnader.

Planlegg taktisk

Når ein planlegg å reise i Kina, bør ein sjekke på førehand om tidspunktet fell saman med kinesiske høgtider, ettersom presset då kan vere nesten umenneskeleg stort. Verst er det under det kinesiske nyttåret, som er i januar–februar (flyttbare datoar, som påske hos oss). Då er ein heldig om ein i det heile teke får sitteplass på noko transportmiddel.

Den kinesiske forfattaren Zhāng Xīnxīn 张欣辛 intervjua på midten av 80-talet ei gammal kone som budde i ein veglaus landsby i Tàiháng 太行-fjella i Nord-Kina. Ho kunne godt tenkje seg at det blei etablert veg til landsbyen. Men ho ville ha ein veg som gjorde at dei som budde der, kunne reise ut, men at folk utanfrå ikkje kunne komme inn. Ho meinte nemleg at slike folk ofte var både tjuvar og kjeltringar. Men ho gjorde eit unnatak for utanlandske fotturistar, ettersom ho hadde høyrt at dei var ganske flinke til å leggje att pengar på dei stadene dei besøkte.

Båter på Yangtze
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2017

Læringsressursar

Leksjon 2: På tur til Shanghai