Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 2

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen På tur til Shanghai.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Postposisjonar

我大概就在家里休息吧…

Wǒ dàgài jiù zài jiāli xiūxi ba ...

På kinesisk er det ofte ikkje nok berre å nytte eit nomen når ein vil uttrykkje ein stad. Nomenet jiā, for eksempel, blir nytta med postposisjonen lǐ når ein vil uttrykkje at noko skjer inne i heimen, i dette tilfellet at ein kviler i heimen sin. Ordet postposisjon (i motsetnad til preposisjon) blir nytta om ei rekkje ord på kinesisk som uttrykkjer ei meir spesifikk plassering av/til noko. Samanlikn:

«i huset»

norsk

preposisjon

står foran (pre-)

家里 jiāli

kinesisk

postposisjon

står bak (post-)

Daglegdags kinesisk har i praksis berre éin preposisjon, zài, som ofte blir nytta saman med ein gitt postposisjon når ein vil uttrykkje ei meir spesifikk plassering. Men når det ikkje er naudsynt, eller når ein snakkar om stader der det blir unaturleg, blir berre preposisjonen nytta, som i f.eks.:

在中国 zài Zhōngguó – «i Kina»
Vi seier ikkje: *在中国里 zài Zhōngguóli

Dei viktigaste postposisjonane på kinesisk er:

Postposisjoner

Eksempel

«innanfor»

家里 jiāli

«i heimen»

wài

«utanfor»

校外 xiàowài

«utanfor skulen»

shàng

«over»

桌上 zhuōshàng

«oppå bordet»

xià

«under»

树下 shùxià

«under treet»

qián

«foran»

门前 ménqián

«framfor døra»

hòu

«bak»

背后 bèihòu

«bak ryggen»

Dette er berre nokre grunnleggjande eksempel, og vi vil gå meir i detalj rundt dette med postposisjonar seinare.

2. Aspektpartikkelen guo

a) 你有没有去过上海?

Nǐ yǒu méi yǒu qùguo Shànghǎi?

b) 有,我去过一次。

Yǒu, wǒ qùguo yí cì.

guo er til liks med verb- le ein såkalla aspektpartikkel. Aspektet som blir uttrykt av guo, er «erfart handling», i motsetnad til avslutta handling, som blir uttrykt av le. I setning a) over er ikkje spørsmålet om verbet qù vart avslutta/gjennomført eller ikkje (om vedkommande drog til Shanghai eller ikkje), men om vedkommande «har erfart» å dra til Shanghai, altså om vedkommande har vore der eller ei. guo blir ofte nytta om uspesifisert fortid, omtrent som når ein på norsk seier «Har du (nokon gang) vore i …?». Eksempel:

你喝过白酒吗?

«Har du nokon gong prøvd å drikke baijiu

Nǐ hēguo báijiǔ ma?

你看过“活着”吗?

«Har du sett "To Live" før?»

Nǐ kànguo “Huózhe” ma?

你学过法语吗?

«Har du studert fransk nokon gong?»

Nǐ xuéguo fǎyǔ ma?

I setning b) ser ein at verbet

qù i tillegg har eit såkalla frekvenskomplement etter seg.

cì i

yí cì tyder ein «gong» og blir nytta for å uttrykkje kor mange gonger noko har blitt gjort. Plasseringa av eit slikt frekvenskomplement følgjer reglane under:

Rett etter verbet:

这本书我看过两次

Zhè běn shū kànguo liǎng cì.

Mellom verb og objekt i ein verb-objekt-konstruksjon:

我复习过两次课文。

Wǒ fùxíguo liǎng cì kèwén.

Om objektet er eit personleg pronomen, kjem frekvenskomplementet etter dette:

我问过你两次

Wǒ wènguo nǐ liǎng cì.

Om objektet er ein stad, kjem det mellom verbet og objektet, eller etter objektet i ein verb-objekt-konstruksjon:

我去过两次中国。

Wǒ qùguo liǎng cì Zhōngguó.

我去过中国两次

Wǒ qùguo Zhōngguó liǎng cì.

3. Nominalfrasar utan kjerne

Tidlegare har vi lært om nominalfrasestrukturen på kinesisk, og kva element som kan utgjere attributt-delen i ein gitt nominalfrase.

a) 我们要两张去上海的往返票。

«Vi vil ha to stk. returbillettar til Shanghai.»

Wǒmen yào liǎng zhāng qù Shànghǎi de wǎngfǎnpiào.

b) 好,要哪一天的 __ ?

«OK, de vil ha kva dags (billett)?»

Hǎo, yào nǎ tiān de __ ?

c) 最好是国航的 __ 。

«Helst Air China(-billettar).»

Zuìhǎo shì Guóháng de __ .

d) 要经济舱的 __ 。

Vi vil ha økonomiklasse(-billettar).

Yào jīngjìcāng de __ .

I a)

两张去上海的往返票

liǎng zhāng qù Shànghǎi de wǎngfǎnpiào står attributtet (streka under) til kjernen

往返票

wǎngfǎnpiào. I b), c) og d), derimot, ser vi at posisjonen står tom der vi hadde venta same kjerne,

往返票

wǎngfǎnpiào – «returbillett» eller

机票

jīpiào – «flybillett». Når det som er kjernen i ein gitt nominalfrase er kjent frå kontekst eller er logisk sannsynleg, er det ikkje uvanleg på kinesisk at det ikkje blir gjenteke, eller at det rett og slett blir utelate. I alle setningane ovanfor utanom a) er det openbert at det er snakk om flybillettar, sjølv om ordet billett ikkje blir nemnt. Samanlikn:

这件衣服是红的。 Zhè jiàn yīfu shì hóng de. – «Dette plagget er rødt.»

Her kan ein seie at det eigentleg står …

这件衣服是红的(衣服) 。 Zhè jiàn yīfu shì hóng de (yīfu).

... men for ikkje å gjenta det openberre blir 衣服 yīfu utelate.

Kjernen i nominalfrasen er dermed medvite utelaten, og ein slik frase, eller «de-struktur», blir kalla eksosentrisk; kjernen er ikkje syntaktisk eksplisitt. Ein de-struktur er der markøren de er festa til eit ord eller ein frase, som for eksempel i:

Som objekt:

1. 这杯咖啡是别人的。 [Denne kaffien er nokon andre sin.]
Zhè bēi kāfēi shì biéren de.
( de etter eit pronomen)

2. 那本书是弟弟的。 [Den boka er veslebroren min sin.]
Nà běn shū shì dìdi de.
( de etter eit nomen)

3. 这件衣服是红的。 [Dette plagget er eit raudt eit.]
Zhè jiàn yīfu shì hóng de.
( de etter eit tilstandsverb/adjektiv)

Som subjekt:

4. 预习的是好学生。 [Dei som øver på førehand, er gode studentar.]
Yùxí de shì hǎo xuésheng.
( de etter eit verb)

5. 上文学课的没有来。 [Dei som tek litteraturfaget, har ikkje komme.]
Shàng wénxuékè de méi yǒu lái.
( de etter verb-objekt)

6. 我买的在哪儿? [Kvar er det eg har kjøpt?]
Wǒ mǎi de zài nǎr?
( de etter subjekt-predikat)

7. 跟我来的不能喝。 [Den som kom med meg, kan ikkje drikke alkohol.]
Gēn wǒ lái de bù néng hē.
( de etter ein koverbskonstruksjon)

Ein de-struktur oppfører seg heilt likt som eit nomen i ei setning (= eksosentrisk frase).

4. Resultative komplement

明天早上的票快卖完了。

Míngtiān zǎoshang de piào kuài màiwán le.

Komplement (ord som blir plasserte etter verb og fyller ut tydinga av verbet på ein gitt måte) finst det ulike typar av på kinesisk, og dei må lærast kvar for seg for ikkje å bli blanda saman, då dei har veldig spesifikke grammatiske funksjonar i språket. Typen vi ser her, heiter resultativt komplement. Samanlikn:

mài

«å selje»

卖完 màiwán

«å selje ferdig / selje ut»

卖完 了 kuài màiwán le

«blir snart seld ut»*

*快 ...了 kuài … le er eit fast mønster som uttrykkjer at det som står inni konstruksjonen, straks er i ferd med å skje. kuài og le blir derfor brukt på ein spesifikk måte i dette uttrykket.

Ordet

wán – «ferdig» har her ein grammatisk funksjon i høve til verbet

mài.

wán er det resultative komplementet til

mài, fordi det seier noko om sluttresultatet til verbhandlinga. For å vere veldig tydeleg kan ein setje om

卖完

màiwán med «å selje med det resultat at det som blir seld, blir seld ut». Det finst eit knippe ord som ofte blir nytta i funksjonen som resultativt komplement, og dei vil bli diskuterte etter kvart som dei dukkar opp. Eit anna veldig vanleg resultativt komplement er ordet

dào – «å komme til». Samanlikn:

卖完 màiwán

«å selje ut»

买到 mǎidào

«å få tak i» / «å lykkast i å kjøpe»

dào blir brukt som resultativt komplement der ein vil presisere at ein har lykkast i å gjennomføre verbhandlinga med ønskt resultat. Samanlikn:

卖了 mài le

«selt»

买了 mǎi le

«kjøpt»

卖完了 màiwán le

«selt ut»

买到了 mǎidào le

«fått tak i»*

*Her nyttar ein dào for å presisere at ein var heldig med kjøpet eller at ein fekk tak i det ein trengte. 买了 mǎi le er nøytralt i denne tydinga og mindre spesifikt i så måte.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 2: På tur til Shanghai