Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis Kina blei til Kina

Det finst sivilisasjonar som er eldre enn den kinesiske, og det finst andre imponerande tidlege statsdanningar og skriftkulturar. Men det finst ingen annan høgkultur med ei nesten 3500 år lang samanhengande historie. Kina har derimot ikkje alltid vore «Kina».
Tre kinesiske keisarar, terrakottahær og ein arkeologisk utgravingsstad. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det første dynastiet

For 3500 år sidan eksisterte det eit dynasti (dvs. herskarhus) som kalla seg Shāng , etter eit stadsnamn på den nordkinesiske sletta. Herskarane av Shāng, wáng , kan vi omsetje med «konge». Dynastiet var berre eit namn i dei historiske annalane, men rundt førre hundreårskifte fann arkeologar store mengder såkalla orakelbein, dvs. skilpaddeskal og skulderbein av storfe. Dei hadde innskrifter og stamma frå siste del av Shāng-dynastiet, dvs. frå ca. 1250 til ca. 1045 f.v.t. Herskarane på den tida brukte desse beina i spådomskunst, og innskriftene viste at det dei gamle annalane fortalde, stort sett stemte.

Keisar Wu Wang på hest og kjerre. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seinare har kinesiske forskarar prøvd å fastslå at det fanst eit dynasti før Shāng, kalla Xià . Det er grave fram fleire tidlege bydanningar som har blitt utropt som hovudstad i Xià, men så langt har det ikkje blitt funne nokon samtidige innskrifter som kan stadfeste dette sikkert. Namnet Xià dukkar opp såpass seint i dei tidlege historiske kjeldene at det gjerne i staden kan vere ei tilbakeskriving som er blitt ei legende. Den som lever, får sjå. Jorda i Kina har svært tjukke og spennande kulturlag, som berre ventar på å bli avdekte.

Kor gammal er Kina si historie?

Med den kunnskapen vi har i dag, kan vi slå fast at Kina si historie er minst 3200 år gammal. Med «historie» meiner vi det vi har skriftlege kjelder som kan stadfeste. Tidlegare forløp kallar vi proto-historie, prehistorie eller kulturar. Og her har Kina ei storslegen fortid som går mange tusen år tilbake, basert på arkeologiske funn.

Tradisjonelt har områda rundt det nedre løpet av Den gule floda på det nordkinesiske slettelandet (som òg var kjerneområdet til Shāng) blitt rekna for å vere «vogga» til den kinesiske sivilisasjonen. Men etter kvart som meir av landet si fortid har blitt avdekt arkeologisk er det klart at det for mange tusen år sidan vaks fram regionale kulturar over det meste av Kina. Desse blei etter kvart knytte saman og påverka kvarandre gjensidig.

Offisielt heiter det likevel i Kina i dag at landet har ei 5000 år gammal historie. Korleis kan det ha seg? Det kjem rett og slett av eit politisk vedtak i leiinga i Kommunistpartiet for nokre år sidan. Ein vedtok først at landet si historie eigentleg var fem tusen år gammal (dvs. like gammal som Egypt), og så sette ein forskarar i sving for å få dekning for det. Det har per i dag ikkje vore mogleg å skaffe bevis for at Kina si historie er så gammal, men den politiske konklusjonen står fast. Ein så gammal kultur, ja, men ikkje historie.

Frå Shāng til Zhōu

Tilbake til Shāng-dynastiet og kva som skjedde med det. Det fanst mange andre smårike i periferien av Shāng, og rundt år 1045 f.v.t. blei Shāng nedkjempa av eitt av dei, Zhōu . Zhōu utvikla eit system med føydalstatar som hadde visse fellestrekk med dei europeiske føydalstatane nesten to tusen år seinare. Kongedømmet Zhōu blei alvorleg svekt allereie i år 770 f.v.t., men overlevde som ein slags seremoniell «overstat» fram til 256 f.v.t., ein slags Vatikan-stat utan pave.

Terrakottahær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I perioden frå 770 og fram til 221 f.v.t. vaks det fram eit system av kongedømme som utgjorde verdas første mellomstatlege system. Den siste delen av denne perioden (475–221 f.v.t.) var likevel så uroleg at han blei kalla Perioden med dei stridande statane, Zhànguó 战国. I urolege politiske tider leiter òg mange etter måtar å få slutt på den urolege tilstanden på. Derfor oppstod det i perioden frå det sjette hundreåret f.v.t. og mot starten av vår eiga tidsrekning kreative førestillingar om korleis menneska burde organisere samfunna. I ettertid har dette blitt karakterisert som Dei hundre (filosofiske) skulane. Konfutsianismen, som etter kvart skulle bli tonesetjande, vaks òg fram i løpet av denne perioden.

Keisardømmet blir oppretta

Mot slutten av Perioden med dei stridande statane var det berre sju statar att. Den sterkaste av dei, Qín , ein gammal stat med senter i det nordvestlege Kina, erobra på få år dei seks andre. I 221 f.v.t. kunne derfor kongen av Qín tildele seg ein ny tittel, huángdì 皇帝 (Den opphøgde herskaren), ein tittel som på vestlege språk blir omsett med «keisar».

Den første keisaren av Qín, Qín shǐ huángdì 秦始皇帝, var ein maktsterk herskar som praktiserte eit hardt, effektivt og sentralisert styringssett. Denne autokratiske styringsmåten blei kalla fǎjiā 法家, eigentleg «dei som er metodiske», som vanlegvis noko misvisande blir omsett med «legalisme». Andre tankeretningar fekk trange kår og blei undertrykte. Skriftspråket hadde utvikla seg til regionale variantar og blei standardisert. Ei rekkje andre tiltak blei sette i verk for å byggje opp ein effektiv og sentralisert stat. Det var òg under Qín at fleire eldre forsvarsmurar mot nomadane i nord for første gong blei knytte saman til det som blei kalla Den lange muren, Cháng chéng 长城. (Den versjonen dei fleste besøkjer i dag, er derimot frå 1500-talet, under Míng).

Men dette historiske krafttaket kosta. Stormannsgalskapen til den første keisaren kan ein sjå utanfor den gamle hovudstaten Xī’ān 西安 i Nordvest-Kina. Det enorme gravmælet hans er enno ikkje undersøkt, men det er grave ut ein heil hær beståande av fleire tusen krigarar saman med stridsvogner og hestar, utført i terrakotta (uglasert keramikk) i tilnærma naturleg storleik. Dei blei stilte opp i utkanten av gravmælet som eit forsvar og gir eit inntrykk av dei gigantiske dimensjonane til gravmælet.

Keisardømmet blir konsolidert

Den hardhendte politikken og ein indre arvefølgjestrid etter at Den første keisaren døydde, førte til at ein del av dei erobra statane gjorde opprør. Etter ein lengre innbyrdes strid gjekk Liú Bāng 刘邦, ein militær av bondeopphav, av med sigeren i 202 f.v.t. Han oppretta eit nytt dynasti som han kalla Hàn , oppkalla etter det området i Sentral-Kina han kom frå.

Hàn-dynastiet varte til år 220, med eit kort mellomspel. Og i løpet av denne lange perioden blei keisardømmet som institusjon konsolidert og bygd ut. Under Hàn-tida bestemde styresmaktene seg for å gi konfutsianismen fortrinn som statsberande ideologi samanlikna med andre tankeretningar.

Konfutsius og ein hest i bronse. Kollage.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfutsianisme er eit vestleg omgrep som har fått namn etter han som opphavleg stod bak tankeretninga, filosofen Konfutse, Kǒngfūzǐ 孔夫子 eller Kǒngzǐ 孔子, som levde frå 551 til 479 f.v.t. På kinesisk blei og blir tilhengarane av Konfutse kalla rújiā 儒家. Det er uklart kvar dette namnet stammar frå, men det kan tyde både «lesande» og «sveklingar». Konfutsianismen er både ein samfunnsetikk og ein styringsfilosofi som legg vekt på gode forsett som humanisme og rettferd. Men i praksis blei delar av dei autoritære styringsteknikkane frå legalismen inkorporerte i den keisarlege versjonen av konfutsianismen.

Han-dynastiet var òg ein periode med territoriell ekspansjon i alle retningar, særleg vestover gjennom Sentral-Asia, både militært og gjennom handel. Silke frå Kina blei så populær blant rikfolket i Roma at styresmaktene der prøvde å forby import av stoffet for å stoppe straumen av pengar austover.

Politisk oppløysing, men kulturell og institusjonell nyskaping

Hàn-dynastiet fekk ingen arvtakar i form av noko nytt og stort dynasti. I staden gjekk Kina inn i ein fleire hundre år lang periode der mange mindre dynasti avløyste kvarandre i stadig strid.

I løpet av perioden skjedde det noko epokegjerande nytt i historia til landet. Nord-Kina blei erobra av nomadefolk som grunnla sine eigne dynasti. Dei nomadiske kulturane og dei kinesiske lokalkulturane påverka kvarandre gjensidig. Den siste delen av perioden blir kalla Dei sørlege og nordlege dynastia, Nán-běi cháo 南北朝.

Denne perioden blir sett på som ei ulykkeleg tid fordi landet gjekk i oppløysing politisk. Men det var òg ei tid med mange nye impulsar og kunstnariske, kulturelle og institusjonelle nyskapingar. Det var i denne perioden at buddhismen, som kom til Kina frå India både gjennom Sentral-Asia og sjøvegen, slo rot og utvikla seg i Kina. Han påverka i stor grad tankeverda, kunsten og litteraturen til kinesarane.

Tanken om eit sameint land fortona seg mest som ein fjern draum heilt til år 581, då nokon på ny klarte å vinne eit komplisert sjakkspel med mange kongar og endå fleire bønder. Kina blei igjen sameint under eit dynasti som kalla seg Suí . Det skulle bli nesten like kortlevd som Qín.

Når blei Kina til Kina?

Kulturelt sett kan vi seie at Kina blei Kina allereie for tre tusen år sidan. Det fanst ein sterk stat, Zhōu, med ein hegemoni og påverknad som etter kvart strekte seg over store delar av dagens sentrale kinesiske område, med unnatak av Sør-Kina. I tillegg fanst det allereie ein skriftkultur som var i ferd med å bli felles. Det var regionale forskjellar i det vi kallar materiell kultur (fysisk utforming av ting og omgivnader), men ikkje så store forskjellar at dei ikkje «snakka» til kvarandre.

Autoriteten til Zhōu blei derimot svekt etter kvart, og det vaks fram eit system av føydalliknande statar. Dette stimulerte til forskjelligarta og kreativ tenking rundt statleg styringskunst, men ein tenkte på det (meir eller mindre) same språket.

Dei første hundreåra av Zhōu blei av mange idealisert og sett på som ein gullalder, og blant dei stridande statane blei dette eit sterkt motiv for å attskape fortidas stordom. Ein av desse statane, Qín, utvikla ein eigen autokratisk politisk kultur som var effektiv nok til å gjennomføre det historiske krafttaket det var å samle dei stridande statane. Politisk sett blei Kina til Kina då Qín grunnla keisardømmet.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2018

Læringsressursar

Leksjon 2: På tur til Shanghai