Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk til leksjon 1

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Reise.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 一直 yìzhí

一直 yìzhí er eit adverb som eigentleg tyder «rett fram», men som òg har den overførte tydinga «heile tida; stadig». Samanlikn dette:

A. 超市在哪儿?Chāoshì zài nǎr?«Kvar er supermarknaden?»
一直走。Yìzhí zǒu.«Gå rett fram.»
B. 你暑假去哪儿?Nǐ shǔjià qù nǎr?«Kvar dreg du i sommarferien?»
我暑假一直在北京。Wǒ shǔjià yìzhí zài Běijīng.«Eg er i Beijing heile sommarferien.»

På same måte som eit adverb kjem 一直 yìzhí framfor verbet, og som regel også framfor adverb som bù, dōu og hěn dersom dei er til stades.

2. Verb- le

Tidlegare har setnings-le blitt forklart, som er viktig å halde skilt frå såkalla verb-le. Sjølv om setnings-le og verb-le blir skrivne med same teikn () og uttalte likt, har dei ulike tydingar og bruksmåtar i setningar. Les gjerne forklaringa til setnings-le om att først (kinesisk 1, leksjon 10), og les deretter forklaringa under om verb-le for å forstå forskjellane betre:

Verb-le blir brukt etter verb og markerer at ei handling er avslutta. Viss verbet har eit objekt, blir verb-le plassert etter verb + objekt dersom objektet er umodifisert. Samanlikn med dette:

买了两张飞机票。
mǎi leliǎng zhāngfēijīpiào
vmod.o

Setninga her uttrykkjer ikkje berre at flybillettar er kjøpt, men at to stk. flybillettar er kjøpt. Objektet 飞机票 fēijīpiào – «flybillettar» – er altså modifisert (vidare kategorisert) av 两张 liǎng zhāng – «to stykk». I slike setningar skal verb-le plasserast rett bak verbet.

Dersom objektet er «nakent» og ikkje har nokon modifikasjon framfor seg, ser ein på verb + objekt som ei eining og plasserer verb-le etter denne eininga, for eksempel slik:

了。
mǎipiàole.
vo

Det er fleire faktorar som kan spele inn på bruken av verb-le i meir kompliserte setningar, men syntaksreglane vi nemnde over, er viktige som utgangspunkt. Oppsummering:

1. Nakent objekt:我昨天跳舞了。Wǒ zuótiān tiàowǔ le.
Etter v-o
2. Kvantifisert (mod.) objekt:我吃了两个菜。Wǒ chī le liǎng ge cài.
Etter v, før o
3. Spesifisert (mod.) objekt:我们看了中国电影。

Wǒ kàn le Zhōngguó

diànyǐng.

Etter v, før o

Nekting av verb-le:

Skal vi nekte ei setning med verb-le, er ikkje formelen bù + le. Ei handling som IKKJE har blitt avslutta, uttrykkjer vi ved hjelp av 没(有) méi yǒu + verb, for eksempel slik:

-你吃饭了吗?Nǐ chīfàn le ma?«Har du ete?»
-我没有吃。Wǒ méi yǒu chī.«Eg har ikkje ete.»

Samanlikn òg dette:

我昨天喝了两瓶啤酒。Wǒ zuótiān hē le liǎng píng píjiǔ.«I går drakk eg to flasker øl.»
我昨天没有喝酒。Wǒ zuótiān méi yǒu hē jiǔ.«I går drakk eg ikkje.»*

*Merk at ein ikkje treng å kvantifisere objektet til ei handling som ikkje har blitt utført, med mindre ein vil vektlegge ein kontrast:

我没有喝

瓶,我喝了

瓶!

Wǒ méi yǒu hē liǎng píng, wǒ hē le píng! – «Eg drakk ikkje to flasker, eg drakk fire

3. a

a markerer eit utrop og kjem på slutten av setningar der vi vil leggje ekstra vekt på det vi seier, for eksempel

好啊!

Hǎo a! – «Veldig bra!». Ein annan samanheng det blir brukt i (som i denne leksjonen) er når vi oppsummerer fleire ting i ei improvisert rekkjefølgje. I setninga

比如说长城啊,颐和园啊,故宫啊

… Bǐrú shuō Chángchéng a, Yíhéyuán a, Gùgōng a... kjem «Den kinesiske muren, Sommarpalasset, Den forbodne byen ...» som ei oppramsing av stader vedkommande vil besøkje, og kvar enkelt stad er derfor etterfølgt av partikkelen

a.

4. 又... 又... yòu ...yòu …

又... 又... yòu ...yòu … er eit fast mønster der to verbalfrasar blir knytte saman. I setninga 你这样又可以去旅游又可以省钱! Nǐ zhèyàng yòu kěyǐ qù lǚyóu yòu kěyǐ shěng qián! blir dette mønsteret brukt til å uttrykkje at dei to handlingane «å reise» og «å spare» begge lèt seg gjennomføre i den gitte situasjonen.

又... 又... yòu ...yòu … blir òg ofte brukt ilag med tilstandsverb (adjektiv) når vi vil peike på to parallelle eigenskapar ved noko, omtrent som «både ... og ...» på norsk. Eksempel:

她的男朋友又高有帅。 Tāde nánpéngyou yòu gāo yòu shuài. – «Kjærasten hennar er både høg og kjekk.»

中国菜又便宜又好吃。 Zhōngguó cài yòu piányi yòu hǎochī. – «Kinamat er både billig og godt.»

Merk at strukturen 一边…一边… yìbiān...yìbiān..., som blir brukt når to verbhandlingar blir utførte samtidig (sjå leksjon 3), skil seg frå 又... 又... yòu ...yòu ..., som blir brukt når to særtrekk eller handlingar blir beskrivne i same samanheng.

5. 一点儿 yìdiǎnr og 有点儿 yǒudiǎnr

I. 一点(儿**)yìdiǎn(r)

一点 yìdiǎn tyder «litt» og blir brukt for å uttrykkje ei avgrensa mengd av nomenet eller nominalfrasen det står til. Eksempel:

你想不想喝一点茶?Nǐ xiǎng bu xiǎng hē yìdiǎn chá?«Vil du drikke litt te?»
她会说一点法语。Tā huì shuō yìdiǎn fǎyǔ.«Ho snakkar litt fransk.»
一点

yìdiǎn tek same plass syntaktisk som eit eventuelt talord + målord. Samanlikn dette:

我想看一点电视。Wǒ xiǎng kàn yìdiǎn diànshì.«Eg vil sjå litt TV.»
我想看一本好书。Wǒ xiǎng kàn yì běn hǎo shū.«Eg vil lese ei god bok.»

II. 有点(儿**) yǒudiǎn(r)

Adverbet 有点儿 yǒudiǎnr bør forståast og brukast som ei eining, sjølv om det består av kjende komponentar. Samansetninga 有点儿 yǒudiǎnr blir brukt framfor tilstandsverb (adjektiv) for å uttrykkje tydinga «litt», men opptrer forskjellig syntaktisk frå 一点儿 yìdiǎnr, som blir brukt til å modifisere nomen. Samanlikn dette:

那个男人有点儿胖。Nà ge nánrén yǒudiǎnr pàng.«Den mannen er litt tjukk.»
*那个男人一点儿胖。*Nà ge nánrén yìdiǎnr pàng.

Analysen er slik:

有点儿 yǒudiǎnr pàng
adverb tilstandsverb

有点儿 yǒudiǎnr – «litt» – opptrer altså på same måte syntaktisk som for eksempel adverbet hěn – «veldig» – sjølv om dei to uttrykkjer forskjellige grader/tydingar.

Merk òg at 有点儿 yǒudiǎnr framfor tilstandsverb, som i eksempelet over, ofte blir brukt litt negativt: «Han er litt tjukk», «Han er litt treg», «Han er litt sleip», osv.

** -r er valfri. Tydinga er den same.

6. huì

Teiknet huì blir brukt på kinesisk til å skrive fleire ord med ulike tydingar. Ordet huì i denne leksjonen tyder «å kunne»; «å meistre», og det blir brukt for tillært evne/kunnskap. I leksjonen bruker vi det om tillært språkkunnskap:

你不会讲日语。Nǐ bú huì jiǎng rìyǔ.«Du snakkar ikkje japansk.»
我的家人都会讲一点英语。Wǒde jiārén dōu huì jiǎng yìdiǎn yīngyǔ.«Alle i familien min snakkar litt engelsk.»

Tilsvarande kontekstar kan for eksempel vere desse:

你会说中文吗?Nǐ huì shuō zhōngwén ma?«Snakkar du kinesisk?»
你会开车吗?Nǐ huì kāichē ma?«Kan du køyre bil?»
我不会跳舞。Wǒ bú huì tiàowǔ.«Eg kan ikkje danse.»
我爸爸不会唱歌。Wǒ bàba bú huì chànggē«Faren min kan ikkje syngje.»

OBS! Ordet néng, som òg kan omsetjast med «å kunne», må skiljast frå huì. néng blir brukt om evne ut frå om situasjonen eller eksterne omstende tillèt det. néng blir forklart meir i detalj seinare.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 1: Reise