Hopp til innhald

Fagstoff

Beijing – målet for alle reiser

Dagens kinesiske ungdom utforskar ikkje berre verda, dei har òg retta merksemda mot mangfaldet i sitt eige land. Ungdommen har utvida både reisemål og reisemåtar, som vandreturar og fjellturar. Stader dei tidlegare såg på som ugjestmilde eller tilbakeliggande, er no blitt eksotiske og spanande.
En kinesisk familie tar gruppeselfie utenfor Den forbudte by på Tiananmen-plassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øvst på ønskjelista

Men det er eitt reisemål som set heilt spesielle kjensler i sving hos dei aller fleste kinesarar: hovudstaden i landet, Beijing. Målet er å besøkje Beijing i alle fall éin gong, helst fleire gonger. Når dei tek bilete av seg sjølv på den enorme Tiananmen-plassen midt i byen, føler mange at dei er på valfartsreise til det historiske og politiske sentrumet i landet. I tillegg kan ein nå fleire historiske reisemål, først og fremst Den lange muren, på dagsturar frå sentrum av byen.

Den kinesiske mur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lang historie, «ung» hovudstad

Byen er gammal, men blei ikkje hovudstad i keisarriket før i 1267, det vil seie relativt seint med tanke på landet si lange historie. Mongolane, som var i ferd med å erobre heile Kina, bestemde seg for å flytte hovudstaden sørover frå Karakorum (nær dagens Ulan Bator i Mongolia). Byen fekk namnet Khanbaliq, «Khanens by». På kinesisk blei han kalla Dàdū 大都 – «Den store hovudstaden». Frå då av har Beijing vore hovudstaden i landet, bortsett frå to kortare periodar, då Nánjīng 南京 – «Den sørlege hovudstaden» – var hovudstad. Namnet Běijīng 北京 – «Den nordlege hovudstaden» – fekk byen under Ming-dynastiet, då hovudstaden blei flytta dit frå Nanjing.

Historiske avtrykk

Tidlegare dynasti har etterlate avtrykk i dagens Beijing, men det er lite att av mongolane sin Khanbaliq. Tidleg på 1400-talet, under Ming, blei det storslagne keisarpalasset reist. Det er bygd langs ein nord-sør-akse etter gamle kosmologiske (verdsstyrande) oppfatningar. Keisarpalasset var sentrum av universet. Palasskomplekset blei kalla «Den pupurfarga forbodne byen» – Zǐjìnchéng 紫禁城 – derfor namnet «Den forbodne byen». Til dagleg blir palasset kalla Gùgōng 故宫 – «Det gamle palasset».

Murane rundt palasset er intakte, men dei ytre, gamle murane rundt byen blei rivne på slutten av 50-talet. Berre ein liten rest av bymuren og nokre av dei gamle byportane står framleis. I dag går det ein kombinert ringveg og T-bane der bymuren ein gong stod.

Turister utenfor den forbydte by i Beijing. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå keisarleg hovudstad …

For sytti år sidan, då dei fleste tradisjonelle hovudstadene i verda var blitt omgjort til moderne storbyar, var Beijing den hovudstaden i verda som best hadde bevart den tradisjonelle forma. Eit og anna moderne bygg i vestleg stil hadde blitt oppført, men det einaste området som var bygd i den vestlege stilen på den tida, var legasjonsområdet søraust for Keisarpalasset, som blei utbygd etter at keisardømet på 1860-talet motvillig måtte gå med på å late framande makter få etablere ambassadar og konsulat i den gamle hovudstaden.

… til moderne administrasjonsby

Kommunistane sitt inntog i Beijing våren 1949 var det som fekk mykje av dette til å byrje å endre seg. To utbyggingsbølgjer, den første rundt 1960, den andre frå starten av 80-talet, forandra byen til det nesten ugjenkjennelege.

Slik byen var anlagd, ville det ha vore vanskeleg å få han til å fungere som eit moderne administrativt sentrum. Kinesiske byplanleggjarar argumenterte for at det heller burde byggjast ein ny administrativ hovudstad rett ved sida av den gamle. Men Mao og tonesetjande leiarar i Kommunistpartiet ville heller markere den nye maktposisjonen sin ved å rydde plass i den gamle byen til moderne prestisjebygg og industri, for å vise at landet hadde starta på ei storstilt modernisering. Og slik blei det.

På 50-talet blei ein open plass framfor sørporten til den tidlegare keisarlege byen, Tiān’ānmén 天安门 – «Den himmelske fredens port» – utvida i to omgangar til å bli verdas største opne plass. Plassen blei derfor heitande «Tiananmen-plassen» – Tiān’ānmén guǎngchǎng 天安门广场. På 50-talet blei det reist eit heltemonument for martyrane under revolusjonen på denne plassen. I 1977 blei den sørlege delen av plassen fylt opp av det nybygde og omstridte mausoleet til Mao Zedong.

Folkets hus på den himmelske freds plass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå «Stort sprang» …

Under det såkalla «Store spranget framover» – Dà yuè jìn 大跃进 – i slutten av 50-åra blei det på kort tid reist ikkje mindre enn ti store prestisjebygg i Beijing. Dei to mest framtredande i dag er dei enorme bygningane som tronar på kvar side av Tiananmen-plassen. Vest for plassen ligg «Folkets store hall» – Rénmín dà huìtáng 人民大会堂 – der viktige møte i parti- og statsleiinga blir haldne. Aust for plassen blei det bygd eit museum som hadde to avdelingar. Det eine blei kalla Revolusjonsmuseet og det andre Historisk museum. I 2003 blei dei to delane slegne saman og omdøypte til «Nasjonalmuseet i Kina» – Zhōngguó guójiā bówùguǎn 中国国家博物馆.

Kinas nasjonalmuseum dekorert med Kinas flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om ein tykkjer det blir for mykje av gamle og nye monumentale bygningar, kan ein tre inn i eit heilt anna tilvære ved å besøkje krokgatene i byen, kalla hútòng 胡同, eit ord av mongolsk opphav og med uklar tyding frå den tida mongolane styrte Kina. Desse gateløpa endrar ofte brått kurs for å dempe verknaden av dei kraftige vindane nordfrå, som byen må tole på seinvinteren og våren. I desse gatene budde innbyggjarane i tradisjonelle ein- og toetasjes hus.

… til rasering av den tradisjonelle byen

Dei fleste hutong’ane er vekke i dag. Vi finn dei først og fremst i delar av det nordlege Beijing, sjølv om dei også der er blitt «gentrifiserte», det vil seie annekterte av innverknadsrike personar og fiffa opp, ofte litt for mykje. Andre område med krokgater er blitt raserte og så bygd opp att, slik at berre fasadane er tradisjonelle.

En eldre kinesisk mann hilser på en eldre kinesisk dame i en av Beijings mange tradisjonelle bakgater. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den gamle bykjerna utgjer berre ein liten del av dagens Beijing. Den urbane delen av byen har spreidd seg utover med rekordfart heilt sidan politikken blei lagd om på slutten av 70-talet. Dei fleste akademiske institusjonane i byen blei på 1900-talet etablerte i den nordvestlege utkanten av byen, blant kinakål og eselkjerrer. I dag er området eit «high tech»-område.

Krevjande klima …

Hovudstaden er ikkje velsigna med godt klima. Dei fire årstidene er ganske distinkte, men berre ein periode på forsommaren og ein periode på hausten kan kallast behageleg. Sjå elles ein eigen artikkel om klima og årstider.

I dag er det langt mellom dei klare dagane i hovudstaden, og forureininga – som dels kjem av gammal industri, dels av den løpske bilparken og dels av tradisjonelle fyringsmetodar – har i periodar gjort byen nærmast uleveleg, dersom vi tek i bruk vanlege helseindikatorar.

… men språkleg sentrum

Vi får håpe styresmaktene i byen tek til fornuft, slik at det som er att av byen sin eigenart, kan komme betre til sin rett. Nemleg ein by ein alltid gjerne ville vende tilbake til. Og om du vil lære standard kinesisk uttale, er Beijing staden – vel å merkje om du styrer klar av språket i krokgatene. Den lokale talemåten der er ganske annleis, men på ingen måte mindre interessant!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 1: Reise