Hopp til innhald

Fagstoff

Xi’an – alle hovudstaders mor

Då Běijīng 北京 for første gong blei hovudstad for heile Kina mot slutten av 1200-talet, hadde Xī’ān 西安 allereie vore hovudstad for mange små og store dynasti i over to tusen år! Viss du verkeleg ønskjer å få ei kjensle av den lange og spektakulære historia til Kina, bør du besøkje Xi’an
Xi'an
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentral utkant

Xi’an – «Den vestlege freden» – ligg i Nordvest-Kina og var eit kraftsenter i kinesisk historie heilt fram til 1000-talet. Samtidig låg byen utsett til for erobringar ettersom han låg nær nomadiske område i nord og vest. Byen ligg i den fruktbare Wèi-dalen, der elva Wèi får rikeleg med vatn frå Qínlǐng-fjella 秦岭 i sør. Sommarklimaet er varmt og fuktig, men vintrane kan vere strenge. Byen låg tradisjonelt i den nordvestlege delen av landet, men den store utstrekninga til Kina i dag gjer at det geografiske midtpunktet i landet er i den vesle byen Yǒnglè 永乐, berre 45 km nord for dagens Xi’an.

Unge turister i Xi'an. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rike historiske avtrykk

Rundt dagens Xi’an kan vi sjå ulike avtrykk frå tidlegare dynasti, frå det knapt synlege til det mektige og storslagne. Byen blei første gong hovudstad i det mektige Zhōu-dynastiet (ca. 1045–256 fvt.) med dei to nabobyane Fēng og Hào . Men allereie i år 771 fvt. blei byen rasert av nomadar frå nord. Keisarhuset flytta verksemda si til byen Luòyáng 洛阳 lenger aust. Dynastia heldt seg gjerne med fleire hovudstader.

Hovudstad i det første keisardynastiet

Den neste oppblomstringa kom under staten Qín, som i lang tid hadde bygd opp styrken sin i regionen (Zhou-dynastiet var svekt). I 246 fvt. kom det ein fyrste på trona til Qin som hadde større ambisjonar enn som så. Med dyktige rådgivarar erobra han seks andre statar som Kina då bestod av. Og i år 221 fvt. utropte han seg til Den første keisaren av Qin, eller Qín shǐ huángdì 秦始皇帝, og herska over heile det dåverande Kina. Han sette i gang ei storstilt utbygging av hovudstaden Xiányáng 咸阳, nordvest for dagens Xi’an. Xianyang hadde store palass og breie avenyar, og aust for byen etablerte keisaren det monumentale gravmælet sitt. Grava er enno ikkje utgraven, men dei som vakta gravmælet, tusenvis av fullt utstyrte soldatar utførte i brend leire – dei såkalla Terrakottakrigarane – har blitt utgravne og er ein arkeologisk verdssensasjon.

Terracottahær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Han-rikets Cháng’ān 长安 – «Den lange freden»

Men Qin varte ikkje lenge. Det historiske krafttaket kosta for mykje for altfor mange. I 206 fvt. blei hovudstaden brend under eit større opprør, og eit nytt dynasti, Hàn , såg dagens lys på ruinane etter det gamle. Han-dynastiet varte i over fire hundre år. Med utbygginga av institusjonar og den territorielle ekspansjonen representerer dynastiet eit høgdepunkt i tidleg keisartid. Den første Han-keisaren, Liú Bāng 刘邦, etablerte ein ny hovudstad på den andre sida av Wei-elva og gav han namnet Cháng’ān 长安 – «Den lange freden». Etter ein oppstand rundt starten av vår tidsrekning blei byen Luoyang lenger aust på ny hovudstad, men Chang’an blei verande sekundærhovudstad.

Nytt historisk krafttak

Etter at Han-dynastiet fall, gjekk landet inn i ein lang periode med politisk oppsplitting, og Xi’an tente som hovudstad for fleire mindre dynasti. Men på slutten av 500-talet var det igjen duka for stordomstid for byen. I 581 erobra eit nytt dynasti, Suí, heile Kina, og landet blei politisk foreint att. Grunnleggjaren av Sui ville gå Qin-keisaren ein høg gang og sette i gang med å byggje ein hovudstad som Kina eller verda aldri hadde sett maken til. Dette var Dàxīng 大兴, som tyder «Den store oppblomstringa».

Kinesiske keisere
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit stort keisardømme verdig

Nok ein gong gjekk eit dynasti raskt over ende på grunn av eit historisk krafttak der byrdene for folket blei for tunge å bere. Allereie i 618 blei Sui historie. Det nye dynastiet, Táng, blei det mest storslagne dynastiet i landets lange keisartid. Byen fekk tilbake det gamle namnet Chang’an. Tang var ei kosmopolitisk tid, der ein kunne høyre mange tungemål, og der forskjellige religionar i periodar fekk utfalde seg relativt fritt. Under Tang herska òg den einaste kvinna i kinesisk historie som i sin eigen rett har utropt seg til keisarinne, Wǔ Zétiān 武则天 (690–705). Ho grunnla eit nytt dynasti, Zhōu, men det forsvann med ho.

Millionby, og vel så det

I den første halvdelen av 700-talet hadde byen éin million innbyggjarar innanfor bymurane, som omkransa heile 70 kvadratkilometer! Utanfor bymurane budde truleg nok ein million. På midten av 700-talet blei Tang-dynastiet derimot rysta av eit stort opprør. Byen blei erobra, men overlevde og heldt fram som hovudstad fram til dynastiet fall i 907. Det var siste gong byen var hovudstad for heile Kina. Byen forfall derimot ikkje, for den strategiske plasseringa var viktig for alle dynasti. Ved starten av Míng-dynastiet , i 1370, blei det bygd ein ny bymur som var 12 km i omkrins. Han er intakt den dag i dag, ein av dei få attverande bymurane i ein kinesisk storby. Det var òg på den tida at byen fekk namnet Xi’an 西安, som han stort sett har heitt fram til i dag.

Bymuren i Xi'an
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kosmologisk sentrum

Etter tradisjonen skal kinesiske hovudstader spegle ei oppfatning om at dei er verdas sentrum. Dette fanst det klare førestillingar om allereie under Zhou-dynastiet, men verken Xianyang under Qin-dynastiet eller Chang’an under Han-dynastiet realiserte det klassiske idealet. Det var først med Daxing under Sui-dynastiet at ein fekk realisert ein hovudstad som var i tråd med den kosmologiske harmonien som ein hovudstad skulle uttrykkje. Det blei ytterlegare forsterka under det påfølgjande Tang-dynastiet. I ettertid var Beijing under Ming-dynastiet den hovudstaden som kom nærmast å realisere dette idealet.

Historiske spor

Sjølv om vi framleis i dag kan sjå avtrykka etter Xi’an i dei tidlege epokane, har relativt få monumentale minnesmerke overlevd. Det mest iaugefallande forutan bymuren er «Den store gåsepagoden» – Dà yàntǎ 大雁塔 – frå midten av 600-talet. Der fekk munken Xuánzàng 玄奘, som drog på pilgrimsreise til India og henta buddhistiske sutraer, sitje i ro og mak og omsetje buddhistiske tekstar til kinesisk. Viss du tek ein rusletur i byen innanfor murane, er det langt mellom historiske bygningar. Eit unnatak er den muslimske bydelen, der du mellom anna kan sjå den største moskeen i Kina – i tradisjonell kinesisk stil. I samme bydel har arkitektar frå NTNU i Trondheim gitt eit viktig bidrag ved å restaurere nokre tradisjonelle gardsrom.

Den store gåsepagoden i Xi'an. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiell arv

Eit imponerande eksempel på kinesisk skriftkunst finn du i eit museum kalla «Bautaskogen», eller Bēi lín 碑林. Museet blei etablert på 1000-talet og inneheld innskrifter i stein som går tilbake til Han-dynastiet. Dersom du ønskjer å få eit breiare perspektiv over den rike kulturhistoria til Xi’an og Shǎnxī-provinsen 陕西, bør du besøkje provinsmuseet, som ligg sør i byen. Det er eit museum med så utsøkte gjenstandar at alle land ville ha vore stolte over å ha det som nasjonalmuseum. Med andre ord: Xi’an er ein fin stad å drøyme seg tilbake i Kinas lange historie på. Og viss du ser etter vegen heim, er dette staden å byrje. Her starta nemleg den sagnomsuste Silkevegen, som knyter Kina saman med landa i vest gjennom Sentral-Asia.

Ein mann tørkar støv av ei gammal skrifttavle i museet i Xi'an. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 1: Reise