Hopp til innhald

Fagstoff

Panda for alle penga

Ein av grunnleggjarane av World Wildlife Fund i 1961, Sir Peter Scott, var pådrivar for at logoen til foreininga skulle vere ein panda. Omtrent samtidig begynte det å gå opp for kinesiske styresmakter at denne rare skapningen kunne bli eit av dei mest effektive diplomatiske korta deira.
Tre små pandabjørner spiser bambus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Pandadiplomatiet» til Kina har vore den mest vellykka forma for «mjuk maktutøving» frå Kina si side. Men kvar høyrer eigentleg desse hjarteknusarane heime – i brei forstand?

Til pandaens land

I 1991 besøkte eg Wòlóng 卧龙 – «Den sovande dragen» – eit naturreservat som blei oppretta i 1963. Staden ligg nokre timars biltur opp i fjella frå storbyen Chéngdū 成都 i Sìchuān 四川-provinsen i Sørvest-Kina. Staden er eit av dei viktigaste områda der pandaen framleis lever i dei naturlege omgivnadene sine. I 1981 blei det oppretta eit senter for forsking på, avl og vern av pandaen i Wolong. Det var på høg tid, sidan pandaen var ein svært trua dyreart på grunn av auka jordbruksverksemd, skogdrift og tjuvjakt. Eit pandaskinn gav god ekstrainntekt til fattige bønder, som i Wolong for det meste er qiāng 羌-folk, ei folkegruppe som er i slekt med tibetanarane.

Senteret i Wolong hadde opphavleg husa tømmarhoggarar, og i 1991 var det spartansk utstyrt. Det minna mest om ein enkel dyrepark. Då eg spurde kor mange pandaer dei hadde ført tilbake til dei naturlege omgivnadene, blei eg møtt med skuldertrekk. Det var tydelegvis meir givande å «hauste» pandaer frå naturen enn å føre dei tilbake att.

Natur og turisme

Eg besøkte Wolong for andre gong i 2006. Då hadde staden blitt kraftig bygd ut, med eit større hotellkompleks for turistar. «Produksjonen» av pandaer hadde auka. Turismen kunne sikkert bidra til inntekter som kunne vere til hjelp i arbeidet for å redde denne trua arten, men det såg ut som om turismen hadde teke overhand. Då eg på ny spurde kor mange dyr dei hadde klart å føre tilbake til eller setje ut i dei naturlege omgivnadene sine, fekk eg nok ein gong berre vage svar.

Kjempepandaen, eller dà xiōngmāo 大熊猫 – «Den store bjørnekatten» – er ein fjern slektning av dagens bjørnar. Han var i tidlegare tider utbreidd over eit større område i det sørlege og sørvestlege Kina. I dag finst han derimot berre i fjerntliggande fjellområde i vest og sørvest, inn mot det tibetanske høglandet. I mange tilfelle er «lommene» dei har til rådigheit, for små til å forhindre genetisk utarming.

Panda spiser bambus.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På UNESCO si verdsarvliste

Tidleg på 2000-talet blei det teke initiativ til å slå saman Wolong med fleire andre verneområde, mellom anna fjellregionane Sìgūniang 四姑娘 («Fire søstrer») og Jiājīn 夹金 (stadsnamn), til eit stort reservat på nesten ti tusen kvadratkilometer og med ei buffersone på 5000 kvadratkilometer. I 2006 blei området teke opp på UNESCO si verdsarvliste. Det er det største samanhengande verneområdet for pandaer og har over 30 % av pandabestanden i Sichuan-provinsen.

Området har òg eit spesielt stort biologisk mangfald, med nesten 6000 forskjellige artar av flora og ei rekkje andre sjeldne dyr som snøleopard, takin (ein geiteantilope) og ein mårliknande skapning med raud pels. Den sistnemnde blir tradisjonelt kalla for den mindre pandaen, men har truleg vaskebjørn og skunk som nærmaste slektningar og er neppe nært i slekt med kjempepandaen.

Utvidingar og jordskjelv

Fleire andre pandaområde er no utvida. Dei viktigaste pandaområda i Kina i dag er i Qínlǐng 秦岭-fjella i den sørlege Shǎnxī 陕西-provinsen, eit område i grenseområdet mellom Gānsū 甘肃- og Sichuan-provinsen, og desse stadene i Sichuan-provinsen: Fjellregionen Mín 岷 i nord, Wolong-Siguniang-Jiajin og Mǎbiān 马边-regionen i sør.

I mai 2008 blei Sichuan-provinsen ramma av eit dødeleg jordskjelv som hadde sentrum berre 25 kilometer aust for Wolong. Det skal ikkje ha gått hardt ut over pandaene, men både senteret og naturen rundt blei påført store skader. Det blei derfor avgjort å flytte senteret til ein annan stad i regionen som var mindre utsett for jordskjelv. Som eit tiltak for å sikre pandabesetninga i Wolong mot moglege epidemiar hadde ca. 40 av 60 pandaer kort tid før blitt overførte til ein annan del av verneområdet. Det viste seg at det var eit klokt trekk.

Frå kjøtetar til planteetar

Pandaen er ein merkeleg skapning. Han var mellom anna opphavleg kjøtetar, men blei etter kvart planteetar. Han har ingen naturlege fiendar, bortsett frå menneska, og livnærer seg på nokre artar bambus som veks i fjellsidene i dei områda han held til. Men om det knip, kan han òg ete annan mat, mellom anna kjøt.

Det einsidige kosthaldet har gjort han sårbar. Den bambusen pandaen er avhengig av, blomstrar og døyr kvart 40. eller 50. år, før han regenererer seg att. Sist gong det skjedde var på midten av 80-talet. Men rapportar om pandaer som døydde av svolt på den tida, var overdrivne, sidan pandaen kan beite på bambus i forskjellige vekstsoner.

Forsking og forplanting

På 80-talet begynte ein fleire stader i Kina å forske på livsvilkåra og livssyklusen til pandaen. Han er jo både kresen i matvegen og har relativt låg forplantingsevne. I tillegg ligg det store pengar i å satse på pandaen. Det største senteret i Kina utanfor naturreservata er forskingsbasen for pandaer i Chengdu, som blei oppretta i 1987 for å fremme forsking på og bevaring av pandaen. Basen skulle òg vere eit senter for «opplyst turisme». Dei starta med seks pandaer som blei «redda frå villmarka», som det så talande heitte. I 2007 hadde senteret 62 pandaer. Dei hadde gitt ein god del vidare til andre gode føremål. Fram til det tidspunktet hadde dei nemleg produsert 110 nyfødde pandaer. (Den engelskspråklege nettstaden til senteret har ikkje blitt oppdatert sidan 2007.)

Dei siste 20 åra har kinesiske styresmakter sett i verk ei rekkje tiltak for å betre vilkåra for pandaen. Dei har mellom anna utvida verneområde. I tillegg prøver ein å avgrense dei to største truslane mot pandabestanden, nemleg skogdrift og tjuvjakt. Det er gjort store medisinske framskritt når det gjeld å auke «produksjonen» av pandaer i fangenskap, men svært lite har blitt utretta for å prøve å føre pandaer tilbake til dei naturlege omgivnadene sine.

Tellingar dei siste åra gjer at ein i dag reknar med at det finst opp mot 2000 pandaer, dei fleste i dei naturlege omgivnadene. Det førte til at Verdas naturvernunion (IUCN) i 2016 endra statusen til pandaen frå «sterkt trua» til «sårbar».

Pandaer spiser bambus i en dyrehage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå strategiske gåver til pandautleige

Den franske misjonæren Armand David var den første vesterlendingen som rapporterte om pandaen sin eksistens rundt 1870. På 1920-talet blei det populært med jaktekspedisjonar for å felle det sjeldne dyret. Den første personen som bringa ein levande panda til ein vestleg dyrehage (Brookfield dyrehage i Chicago), var Ruth Harkness i 1938, men det same året klarte London dyrehage å skaffe seg fem pandaer. Mellom 1936 og 1946 blei 14 pandaer sende til Vesten – dei fleste til dyrehagar.

Denne verksemda blei teken opp att i 1957, men då var det den nye sosialistiske staten som hadde kontroll over pandaeksporten. Denne eksporten bestod av gåver. Dei første som fekk ein panda i gåve, var Moskva dyrehage. Fram til 1983 blei det gitt totalt 25 pandaer til ni forskjellige land. Dei mest kjende av desse var pandaene Líng-Líng 玲玲 («Vesle bjelle» – ho) og Hsīng-Hsīng 兴兴 («Vesle fremmelege» – hann), som blei gitt til USA i samband med at den dåverande president Nixon besøkte Kina.

Strid om leigeavtalar

Frå og med 1984 la kinesiske styresmakter om politikken og begynte å leige ut pandaer til dyrehagar og andre institusjonar i Vesten. Standardleiga var på éin million dollar per år, og i tillegg kom ein del av inntektene frå suvenirsal. Dette førte til ganske ville tilstandar. For det første brukte særleg amerikanske dyrehagar og andre institusjonar både økonomisk overbodspolitikk og politiske kontaktar for å skaffe seg pandaer. Og sidan desse var så populære, blei dette ei stor inntektskjelde. For det andre hadde ein mildt sagt dårleg kontroll på kvar i Kina dei eksporterte pandaene kom frå, om dei var «hausta» frå naturen eller var oppdrettspandaer.

Resultatet av dette var at det i 1988 blei gitt løyve til å importere pandaer til USA berre dersom Kina brukte minst halvparten av leigeinntektene på arbeid for å bevare pandaen i dei naturlege omgivnadene. Dei seinare åra har avtalar om pandaleige dessutan vore knytte til påstandar om at Kina får tilgang til avansert teknologi eller gunstige handelsavtalar.

Det største diplomatiske pandascoopet oppnådde den kinesiske regjeringa i 2008. Då vedtok styresmaktene på Taiwan etter fleire år med politisk strid å ta imot to pandaer, som sjølvsagt blei svært populære blant folket. Pandaene blei døypte Tuán-Tuán 团团 og Yuán-Yuán 圆圆, namn som var politisk motiverte. Tuán tyder «eining», og Yuán tyder «komplett».

Har pandaen nokon eigenverdi?

Den tyskfødde amerikanske biologen og naturvernforkjemparen George B. Schaller er ein pioner når det gjeld å forske på livsvilkåra til pandaen. I boka med den pessimistiske tittelen «The Last Panda» frå 1993 stilte han spørsmålet om pandaen er til for menneska si skuld, eller om han har ein eigenverdi. Sjølv om pandaen no ser ut til å vere utanfor fare for å bli utrydda med det første, er spørsmålet like relevant i dag.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2017

Læringsressursar

Leksjon 4: I dyrehagen