Oppgave
Panda for alle penga – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Panda for alle penga. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.
- Kvifor er det avgjerande at pandaen har store nok område å leve på?
- (Lurespørsmål) Kvifor er namnet på Líng-Líng tilsynelatande skrive med pinyin-systemet, mens namnet på skjebnesvennen hennar, Hsīng-Hsīng, er skrive med eit anna transkripsjonssystem (Wade-Giles)?
- Kvifor kan ein hevde at Schaller sitt spørsmål om pandaen har ein eigenverdi, er like relevant i dag, sjølv om han ser ut til å vere utanfor fare for å bli utrydda med det første?