Hopp til innhald
Oppgåve

Meistring, utvikling og god helse

Planlegg aktivitetar som bidreg til meistring, utvikling og god helse. Inviter ein annan klasse på skulen, og gjennomfør aktivitetane saman med dei.

Planlegg, gjennomfør og vurder

Jobb saman i grupper.

  1. Lag ein plan. Planen skal innehalde informasjon om

    1. kva de vil gjere

    2. korleis de vil gjennomføre det

    3. kvifor de vil gjere det på denne måten

    4. kven som har ansvar for kva. Kven i gruppa skal ønske velkommen, leie aktivitetane, ha ansvar for utstyr og så vidare?

  2. Gjennomfør aktivitetane.

  3. Ta bilete undervegs, og lag ein dokumentasjon som blir hengd opp på skulen. Hugs å spørje om lov til å ta bilete først.

  4. Vurder aktiviteten.

    1. Kva gjekk bra?

    2. Kva kunne de eventuelt gjort annleis for at det skulle vorte endå betre?

Relatert innhald

Fagstoff
Aktivitet og helse

Fysisk aktivitet er like viktig for hjernen som for kroppen. I denne filmen fortel lege Ole Petter Hjelle korleis fysisk aktivitet påverkar hjernen.