Språkutvikling - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Språkutvikling

Nyare spedbarnsforsking viser at barnet kommuniserer frå fødselen av, og at grunnlaget for språkutvikling startar der.

Den nyfødde babyen vil aller helst høre menneskestemmen. Det er ofte han som kan roe barnet når det gret, og babyen opplever menneskestemmen som behageleg.

Språkutvikling

Språkutviklinga er ein del av den kognitive utviklinga. Ho skjer gjennom samspel med andre menneske. Barnet lærer tidleg reglane for turtaking - som vil seie å bytte på å snakke og å lytte. Barnet og den vaksne snakkar kvar sin gong - og ofte hermar dei etter kvarandre eller tek opp att dei orda som vert sagte. På den måten hører barnet orda mange gonger og greier etter kvart å skjønne at dei har ei meining.

Når barnet nærmar seg eittårsalderen, kan orda begynne å gi meining for oss. Ofte vert ordet uttalt verbalt mens barnet peikar eller på annan måte viser oss kva det meiner.

Døme:
Barnet ser i taket, peikar på lampa og seier "ys". Det kan vi med ganske stor visse tenkje oss at betyr lys. Da seier den vaksne "lys" - tydeleg og litt langsamt. Den vaksne stadfestar barnet og sier til dømes:" Ja - det er lys, lys veit du - lys". Samtidig peikar den vaksne på lampa og kikar i taket og tek opp att ordet - ofte fleire gonger. Dette er ein av mange måtar barn lærer å forstå og uttale ord på.

Lærer i samhandling med andre

Når vi i dag meiner at barnet har ei medfødd evne til å oppfatte språk, kan vi tenkje oss at den utviklinga skjer både på eit medvite og eit umedvite plan. Barnet lærer i samhandling med andre, og språket utviklar seg trinn for trinn. Det er store skilnader når det gjeld språkutviklinga hos barn. Nokre barn er tidleg ute og pratar tydeleg med ein gong, mens andre må bruke lengre tid utan at det treng å vere noko unormalt i det.

Språkutviklina går raskast hos barn, men språket utviklar seg heile livet. Også vaksenspråket utviklar seg i det miljøet vi oppheld oss i. I noen miljø er det ofte bruk av forkortelser og "slang" uttrykk, mens i andre miljø er det uakseptabelt. Andre eksempel kan være ord og uttrykk knyttet til yrket du har som påvirker det språket du snakker.

Som yrkesutøvar vil du ha behov for å vite noko om språkutvikling når du skal:

  • jobbe med barn og unge, både for å kunne observere språkutviklinga hos barnet og for å stimulere ho
  • jobbe med funskjonshemma som treng spesiell språkstimuli
  • i arbeid med brukarar som treng språktrening etter sjukdom eller skade


Utfordringar til deg

  1. Søk på nettet og sjå om du kan finne gode sider som skildrar språkutviklinga hos barn og unge.
  2. Korleis kan ein stimulere språkutviklinga hos barn og unge?
  3. Kva for påvirkning har miljøet hatt for måten du snakkar på?
Skrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020