Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Klassen som sosialt system

Ein klasse kan òg vere eit sosialt system, med ulike normer, roller og struktur. I denne oppgåva skal du prøve å beskrive ein klasse som sosialt system.
Frå eit klasserom på ein vidaregåande skule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Les teksten Klassen som sosialt system hos Universitetet i Stavanger.

Ta utgangspunkt i klassen du går i, ein klasse du har gått i tidlegare, eller ein klasse du kjenner til.
Når samfunnsforskarar skal beskrive eit fenomen, er det viktig å vere så objektiv og sakleg som mogleg. Du skal ikkje beskrive enkeltindivider med namn, du skal peike på nokre generelle trekk ved eit sosialt system - gjennom å reflektere over eit system du kjenner til.

  1. Er det nokon normer som styrer åtferda i klassen? (forventningar til åtferd) Beskriv kort normene.

  2. Er det ulike roller i klassen, og kva kjennetegner rollene?

  3. Er det både formell og uformell struktur i klassen? Forsøk å beskrive strukturen.

  4. Er det nokon normer i klassen som er i konflikt med skolen sine forventningar? Beskriv kort kva som er skolen sine forventningar, og om klassen sine normer er i konflikt med desse forventningane.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Utvikling heile livet