Hopp til innhald
Fagartikkel

Fysisk og motorisk utvikling

Fysisk og motorisk utvikling er knytt til korleis vi veks og rører oss. Denne utviklinga skjer ofte i ei gitt rekkjefølgje, men vi skal likevel hugse at det er store variasjonar for når eit barn meistrar dei ulike områda.


Den fysiske utviklinga er i første rekkje knytt til korleis vi veks, for eksempel kor høge vi blir.

Motorisk utvikling

Motorisk utvikling er evna vi har til å få kontroll over rørslene våre. Vi deler henne ofte inn i to grupper: finmotorikk og grovmotorikk. Den motoriske utviklinga blir styrt av hjernen og påverka av fysisk aktivitet som stimulerer nervesystemet og samvirket mellom nervesystemet og musklane i kroppen.

Grovmotorikk

Grovmotorikk er dei store rørslene som involverer dei store kroppsmusklane. Det er desse musklane vi bruker når vi skal springe, sykle, gå osv. Tenk berre kva som skjer i det første leveåret til barnet.

Finmotorikk

Finmotorikk er dei små rørslene som vi bruker når vi skriv, puslar, legg perler osv. I ansiktet, spesielt rundt auga, har vi for eksempel mange små musklar som er viktige for koordineringa av rørslene våre. Dei gjer det mogleg for oss å kunne rekne ut avstandar og sjå små hindringar der vi går.

Refleksar

Dei første rørslene til barnet er styrt av refleksar. Ein refleks er ein automatisk respons på ei stimulering. Eit eksempel er sugerefleksen der barnet automatisk forstår at det skal suge når det blir lagt til brystet. Nyfødde grip også rundt fingeren din automatisk dersom du legg han inntil handa hans. Det kallar vi griperefleks. Etter kvart som barnet veks, forsvinn dei fleste refleksane, og barnet utviklar evne til å styre rørslene med vilja.