Sosialisering og identitet - Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosialisering og identitet

Eitt resultat av sosialiseringa er at vi som individ utviklar identiteten vår. Det er ikkje lett å seie kva ordet tyder heilt nøyaktig, men vi seier her at å utvikle sin eigen identitet er «å bli ein heilt bestemd person», ein som ikkje kan bli forveksla med nokon andre: «Eg er eg, du er du.»

Sosialisering og identitet

Dei opplysningane eit identitetskort gir om eit menneske, er så konkrete at det er mogleg å seie noko om identiteten til nettopp dette mennesket. Men då er det tale om fødselsdato, personnummer og utsjånad, altså nokså utvendige og objektive kjenneteikn. Når vi snakkar om sosialisering og identitet, er vi opptekne av korleis livet saman med andre menneske er med på å forme eit menneske.

Når vi lever saman med andre menneske, blir vi påverka av dei. Det er ikkje mogleg å seie kven som påverkar oss mest, sidan det er avhengig av om vi snakkar om barn eller ungdom, skule eller arbeidsliv. Dessutan er det jo slik at på enkelte område har til dømes foreldra mykje å seie, mens vennene kan ha mest å seie på andre. La oss sjå litt nærare på kven som påverkar oss og på den måten er med på å utvikle identiteten vår.

Dei viktigaste normsendarane

Å påverke vil mellom anna seie å sende normer. Derfor kallar vi dei som påverkar, eller prøver å påverke, normsendarar.

Familien

Familien skal lære barna grunnleggjande normer og verdiar – at det er stygt å stele, lyge og slå, og at det er viktig både å samarbeide med andre og å kunne stå på eigne bein og hevde meiningane og synspunkta sine. Her kan barna lære om dei evige spørsmåla – kvifor dei er fødde, og kva som er meininga med livet. I familien skjer sosialiseringa ved at barna har direkte kontakt med dei som påverkar dei. Derfor snakkar vi om personleg sosialisering.

Barnehage og skule

I barnehagen og skulen får barna forsterka mange av dei normene og verdiane dei har møtt i familien. Ein skilnad kan vere at barna i barnehagen i større grad må lære seg å ta omsyn til andre. Dei må dessutan så smått lære å hevde seg overfor andre som krev like mykje merksemd som dei. I skulen blir nok konkurransen sterkare, ikkje minst mot slutten av den tiårige perioden. Oppfatninga dei unge har av seg sjølve – om dei er vellykka eller ikkje – er nok i mange miljø avhengig av korleis dei maktar å hevde seg i denne konkurransen. Med andre ord: Denne konkurransen verkar inn på utviklinga av identiteten til dei unge. Ein del undersøkingar viser i tillegg at det er viktig – særleg for gutane – å få gode karakterar utan å satse særleg mykje. Då er dei «intelligente». I desse miljøa gir det å slite for gode resultat på langt nær like høg status og dermed eit lite positivt sjølvbilete.

Venner og kameratar

Venner og kameratar er viktige sendarar av uformelle normer og verdiar. Enkelte av dei kan nok gå på tvers av dei formelle og offisielt godtekne. Ja, i enkelte miljø er det slik at du faktisk må bryte dei offisielle normene for å bli godteken. Dei som er opptekne av slike miljø, kan risikere å utvikle ein identitet som kriminell. Så kan vi lure på kvifor kameratane eller gjengen har så mykje å seie at nokon utviklar seg i ei slik retning? Ein grunn er at dei fleste av oss ønskjer å vere medlem av ei gruppe – vi orkar ikkje å stå aleine. Kanskje er det spesielt viktig for oss å høyre til ei gruppe når vi er unge, når vi kjenner oss usikre fordi vi er i ferd med å ta spranget frå barn til vaksen? I slike periodar treng vi folk som forstår oss, og som stiller opp for oss. Kven er så dei? Jo, det er dei som er på same alder som oss sjølve, trur vi i alle fall.

Arbeidslivet

I arbeidslivet blir mange av dei normene og verdiane vi har teke til oss i oppveksten, forsterka: Mange har nok fått med seg at det ikkje er så dumt å kunne bruke olbogane, men vi skjøner òg ganske raskt at vi må samarbeide og ta omsyn til andre. Dei som utviklar ein identitet som seier «først meg sjølv, så meg sjølv, for eg er best og eineståande», har dårlege utsikter på arbeidsmarknaden.

Massemedium

Massemedia er aviser, bøker, fjernsyn, teikneseriehefte, radio, video og film, for ikkje å snakke om Internett. Desse massemedia påverkar utan tvil utviklinga av identiteten til dei som bruker dei. Ein grunn er at dei i høg grad formidlar normer og verdiar. Når dei på sportssidene hyllar sigerherrane, seier dei at det er viktig å vinne og bli ein einar i samfunnet. Når dei fortel om det gode liv for rike kjendisar, seier dei at lykka er pengar. Vi finn likevel òg forteljingar om varme menneske som ofrar så og seie alt for sine medmenneske. Det er svært vanskeleg å seie noko sikkert om korleis massemedia er med på å utvikle identiteten til brukarane. Ein grunn er sjølvsagt at vi som nemnd blir påverka frå mange hald, ikkje berre av massemedia. Ein annan grunn er at massemedia er så mangt – det er stor skilnad på ei bok og eit fjernsynsprogram. Dessutan er vi som brukarar nokså ulike, og vi lar oss påverke ulikt. Valdsfilmar verkar nok annleis på ein redd tiåring enn på ein satt sekstiåring.

Trussamfunn

Religion er med på å forsterke dei tradisjonelle normene og verdiane. I mange samfunn er normer og verdiar knytte til religion viktige fellesverdiar. Bibelen, Koranen, Talmud og andre skrifter blir dermed òg lærebøker i etikk og moral. Trussamfunnet medverkar til identitetsutviklinga på mange måtar, ikkje minst ved at det står for seremoniar knytte til viktige fasar i livet. Markering av fødsel, overgangen frå barn til vaksen, ekteskap og død er ofte knytt til religion. Vidare er det mange menneske som søkjer saman i religiøse foreiningar og opplever fellesskap med andre. Når eitt trussamfunn er dominerande i eit samfunn, kan samfunnet bli lite inkluderande for menneske som ikkje høyrer til denne religionen.

Utfordringar til deg

  1. Kva meiner vi med identitet?
  2. Nemn dei viktigaste normsendarane.
  3. Kva er personleg sosialisering?
  4. Gi eksempel på uformelle normer i skulesamfunnet som er i strid med dei som er offisielt godtekne.
  5. Kva for verdiar ligg til grunn for normene i denne utsegna: «Det er viktig å få gode karakterar på skulen, men du skal ikkje vise at du arbeider hardt for å oppnå dei.» Kjenner du deg att?
  6. Kvifor har vennene så mykje å seie?
  7. Finn eksempel på verdiar som blir formidla gjennom reklame i fjernsynet og pressa.
  8. Ta for dykk nokre aviser, og finn eksempel på at dei formidlar meiningar og at dei sjølve gir uttrykk for meiningar.
  9. Kven av normsendarane som er nemnde i teksten, har fått meir å seie dei siste åra, og kva for nokre har fått mindre? Grunngi svaret ditt. Diskuter om dette er ei heldig utvikling.
Skrive av Erik Sølvberg. Rettshavar: Fagbokforlaget
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018