Helsefremjande arbeid (HS-HSF vg1)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-HSF vg1)ogYrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Behov og utvikling
Å få dekt dei grunnleggande behova våre er sentralt for normal utvikling og god helse. I arbeid med menneske må du kjenne til korleis vi utviklar oss, og korleis vi blir forma av det livet vi lever. Både fysisk, psykisk, kjenslemessig og språkleg utvikling er område som endrar seg gjennom livet.
Utvikling heile livet
Alle utviklar seg heile tida på ulik måte og i ulikt tempo. Eit barn skal lære mykje på ein gong, medan vaksne gjerne skal vidareutvikle ferdigheitene sine.