Hopp til innhald

Fagstoff

Risikomoment

Bandsaga er ei stor og kraftig maskin, og når du bruker ho, kan du bli utsett for fare. Derfor er det viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mekaniske risikomoment

Bandsaga har eit veldig skarpt sagblad. Saging gir også avsponing i form av små spon som kan vere skarpe.

Du jobbar dessutan med roterande maskindelar, og det kan vere fare for at noko losnar. I tillegg kan hår eller arbeidstøy setje seg fast i dei roterande delane.

Kjemiske risikomoment

Når du sagar i metall, må du bruke ei kjølevæske som blir sprøyta på arbeidsstykket for å smørje sagbladet og halde temperaturen nede.

Kjølevæska er ei blanding av kjemikal. Derfor er det viktig at du veit kva eigenskapar kjølevæska har, og kva du skal gjere viss du får kjølevæske på hendene, i auga eller i munnen.

Termiske risikomoment

Ved saging skjer du i metall med eit sagblad. Då oppstår det friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, sagblad og spon kan komme opp i svært høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje rører desse før du er sikre på at dei er kalde nok.

Andre risikomoment

Nokre arbeidsstykke kan vere store og tunge. Då er det viktig at du bruker rett løftereiskap eller løftar med rett løfteteknikk for å få dei opp på bandsaga.

Golvet og arbeidsområdet rundt bandsaga må dessutan vere reint og ryddig, slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Søl frå kjølevæska du bruker, kan dessutan gjere golvet veldig glatt sidan ho også har ein smørjande effekt.

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring for båndsag