Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ei bandsag er utstyrt med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nødstopp og verneinnretningar

Ei bandsag har fleire ulike verneinnretningar du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tek i bruk bandsaga.

Klikk på symbola i biletet nedanfor for å lese om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Nødstopp

Bandsaga skal ha minimum éin nødstoppbrytar, som er raud med gul bakgrunn. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene viss det oppstår ein nødssituasjon.

Når nødstoppbrytaren blir trykt inn, bryt han straumen til motoren på bandsaga slik at motoren stoppar.

Før du tek i bruk bandsaga, må du alltid sjekke at nødstoppbrytaren fungerer, ved å starte maskina og trykke inn nødstoppbrytaren. Bandsaga skal då stoppe.

Du opnar nødstoppbrytaren igjen ved å vri brytaren lett til høgre, slik at han sprett ut.

Hovudstraumbrytar

Hovudstraumbrytaren er vanlegvis montert i nærleiken av leidninga som fører straum inn i maskina.

Hovudstraumbrytaren har som oppgåve å kople til og frå straum til maskina. For at du skal kunne starte maskina, må brytaren stå i "ON"- eller "1"-posisjon. Når du skal ta pause eller avsluttar arbeidet for dagen, er det viktig at du slår av hovudstraumbrytaren, slik at uvedkommande ikkje kan starte maskina.

Viss du skal skifte eller justere sagbladet eller reparere, utføre vedlikehald av eller opne eit deksel på bandsaga, er det viktig at du slår av hovudstraumbrytaren. På den måten unngår du å bli utsett for elektrisk støyt eller at andre kan starte saga medan du arbeider.

Viss du skal gjennomføre meir omfattande vedlikehalds- eller reparasjonsarbeid, er det viktig at du låser av hovudstraumbrytaren med ein hengelås. Dette blir kalla ein barrikade og er ei sikring for å hindre at andre personar skrur på hovudstraumbrytaren medan du jobbar på eller inne i maskina.

Strammemekanismar

Før du begynner å sage, er det viktig at du sjekkar at sagbladet er tilstrekkeleg stramma. Dei fleste strammemekanismane har ein skala der du kan lese av kor stramt sagbladet er festa, men typen strammemekanisme varierer frå maskin til maskin. Du må derfor sjekke i instruksjonsmanualen korleis du strammar sagbladet på akkurat di maskin. Maskina kan også ha automatisk stramming.

Det er også viktig å sjekke at arbeidsemnet er godt festa. Arbeidsemnet har ein mekanisk strammemekanisme med hydraulisk stramming.

Føring for sagblad

Det er viktig at du justerer sagbladføringa så nært arbeidsemnet som mogleg. Dette gir best mogleg resultat ved saging og minimal slitasje på sagbladet.

Kjølevæskerøyr

Kjølevæske blir ført gjennom eit røyr ved hjelp av ei pumpe som går kontinuerleg medan du sagar. Før du begynner å sage, må du justere kjølevæskerøyret sånn at kjølevæska treffer sagbladet og arbeidsstykket. Det er også viktig at du regulerer ventilen sånn at du heile tida får tilstrekkeleg mengde kjølevæske.

Verneinnretningar for sagblad

Bandsaga kan vere utstyrt med fleire ulike verneinnretningar for sagbladet. Det er derfor viktig at du les instruksjonsmanualen for den bandsaga du skal bruke, for å setje deg inn i desse.

Sagbladet kan til dømes ha

  • avgrensa fastspenning

  • anleggssensor for sagblad

  • sagbladstramming

Sensor for endepunkt

Dei fleste maskiner med automatisk mating har ein sensor som registrerer når bandsaga har saga gjennom arbeidsemnet. Sensoren stoppar då motoren og flyttar sagbommen tilbake til utgangsposisjonen.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk bandsaga, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke bandsaga. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at utstyret blir reparert.

  • Så lenge bandsaga er i ustand, må ho vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring for båndsag