Hopp til innhald

Fagstoff

Oppsummering

Her får du eit lite samandrag av den teoretiske opplæringa du har gjennomgått, og informasjon om kva du må gjere for å få godkjent sikkerheitsopplæringa.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samandrag

Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ei bandsag. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.

Dette har du lært om bandsaga

  • Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ei bandsag.

  • Du har også fått informasjon om kva for risikomoment du kan bli utsett for, og kva for verneutstyr du må bruke for å redusere risikoen for å bli skadd.

  • I tillegg har du fått informasjon om korleis bandsaga er bygd opp, kva for verneinnretningar som finst, og korleis du stiller inn og sjekkar maskina før bruk.

Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.

Praktisk gjennomgang på verkstaden

Du skal no gå på verkstaden og sjå på dei ulike bandsagene de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike maskinene fordi dei kan vere ulikt utforma.

Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ei bandsag, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.

Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke maskina.

Filer

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring for båndsag