Hopp til innhald

Fagstoff

Før, under og etter bruk

Sjølv om bandsaga er utstyrt med verneinnretningar, er det nokre ting du må hugse på å gjere før, under og etter bruk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før bruk av bandsaga

Før du tek i bruk bandsaga, må du kontrollere at

  • nødstoppbrytaren fungerer

  • sagbladet er riktig stramma

  • sagbladføringa er justert rett ur frå storleiken på arbeidsemnet

  • vernet for sagbladet er på plass og i orden

  • arbeidsemnet er forsvarleg festa

  • kjølevæskerøyret er justert slik at kjølevæska treffer sagbladet og arbeidsemnet

  • matinga på sagbommen er justert rett

  • du bruker påkravd personleg verneutstyr

Under saging

Under saging er det viktig at du

  • bruker påkravd verneutstyr

  • kontrollerer matinga på sagbommen

  • aldri fører hendene tett inntil sagbladet eller andre roterande delar

  • aldri reingjer eller justerer maskina medan ho er i drift

Etter saging

Etter at du har brukt bandsaga, er det viktig at du

  • slår av hovudstraumbrytaren

  • senkar sagbladet slik at det står nært arbeidsbordet

  • reingjer saga og kastar kapp og spon i rett avfallscontainer

  • melder frå om eventuelle feil eller manglar til læraren din

Kontrollspørsmål

Korleis bruker du bandsaga på ein sikker måte?

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring for båndsag