Risikomoment
Ved sliping av metall får vi avsponing i form av små spon. Spon kan vere veldig skarpe og kan kastast langt ut i lufta.
Du jobbar også med roterande maskindelar, og det kan vere fare for at noko losnar. I tillegg kan hår eller arbeidstøy setje seg fast i dei roterande delane.
Det er dessutan fare for at du kan klemme fingrane dine når du sliper arbeidsstykket, eller at arbeidsstykket blir slått ut av hendene dine. Det er derfor viktig at du justerer anlegget for arbeidsstykket riktig.
Når du bruker benksliparen, kan du også bli utsett for vibrasjonar som kan opplevast som ubehagelege om du sliper over lengre tid.
Sliping av metall kan utløyse skadelege gassar som du må verne deg mot. Dette gjeld spesielt dersom det arbeidsstykket du skal jobbe med, er overflatebehandla med måling, lakk eller liknande. I slike tilfelle kan det vere nødvendig å bruke andedragsvern.
Når vi sliper metall, oppstår det friksjon, og ved friksjon blir det utvikla varme. Både arbeidsstykke, slipeskive og spon kan komme opp i svært høge temperaturar, og det er viktig at du ikkje tar på desse før du er sikker på at dei er kalde nok.
Sliping av metall gir også oftast eit kraftig gneisteregn som har veldig høg temperatur. Det er derfor viktig at du bruker verneskjermar og brannsikre arbeidsklede og hanskar for å verne deg.
Ved sliping av metall oppstår det skadeleg støy. Området rundt ein benkslipar blir kalla ei støysone, og det er viktig at både du og andre som oppheld seg i dette området, bruker høyrselsvern. Før du bruker benksliparen, må du derfor varsle medelevar i støysona om at du skal slipe, og at dei er i ei støysone.
Golvet og arbeidsområdet rundt benksliparen må vere reint og ryddig slik at det ikkje er fare for at du kan snuble eller skli. Det er også viktig at det ikkje er noko brennbart materiale i området, som kan ta fyr dersom det blir treft av varme spon eller gneisteregn.
Svar på kontrollspørsmåla. Kvart spørsmål kan ha fleire rette svar.