Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg verneutstyr

Når du jobbar med ein benkslipar, må du bruke personleg verneutstyr. Her får du ei oversikt over det utstyret som er påkravd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg verneutstyr

Dette personlege verneutstyret må du bruke når du jobbar med ein benkslipar:

  • heildekkande arbeidstøy med tettsitjande erme, ev. mansjettar

  • vernesko

  • vernebriller

  • høyrselsvern

  • arbeidshanskar

Hugs at om du jobbar i eit område med dårleg lufting, er det viktig at du også bruker ei støvmaske. Sliper du metall som er overflatebehandla med måling, lakk eller liknande, og som dermed kan gi frå seg farlege gassar, bør du bruke ei kolfiltermaske.

Det finst eigne skilt som gir informasjon om påkravd verneutstyr. Klikk på biletet for å lese meir om verneutstyret og dei enkelte skilta, eller les fagteksten nedanfor.

Heildekkande arbeidstøy

Heildekkande arbeidstøy vernar huda di mot varme spon frå arbeidsemnet.

Arbeidstøyet må vere tettsitjande, spesielt erma. Bruker du laustsitjande klesplagg, risikerer du at dei viklar seg inn i dei roterande delane på maskina. Du kan eventuelt også bruke mansjettar.

Påbodet om å bruke heildekkande arbeidstøy er varsla med eit rundt skilt som viser ein kvit, heildekkande kjeledress på blå bakgrunn.

Vernesko

Når du bruker ein benkslipar, jobbar du ofte med tunge arbeidsemne. Det er derfor viktig å verne føtene dine i tilfelle du er uheldig og mistar noko.

Påbodet om å bruke vernesko er varsla med eit rundt skilt som viser ein blå og ein kvit vernestøvel på blå bakgrunn.

Vernebriller

Når du sliper eit arbeidsemne, kan spon eller materiale bli kasta ut i lufta og treffe auga dine. Dette materialet er ofte varmt, og kan brenne seg fast i auget. Derfor må du bruke vernebriller.

Ved kraftig sprut eller gneisteregn er det ofte mest formålstenleg å bruke visir.

Påbodet om å bruke vernebriller er varsla med eit rundt skilt som viser eit kvitt omriss av hovudet til ein person som har på seg vernebriller, på blå bakgrunn. Brillene vernar auga både framanfrå, ovanfrå og frå sidene.

Høyrselsvern

Når du bruker ein benkslipar, vil det oppstå skadeleg støy. Du må derfor bruke høyrselsvern for å verne høyrselen din.

Det er viktig at du bruker høyrselsvern som er godkjent for bruk på verkstad.

Påbodet om å bruke høyrselsvern er varsla med eit rundt skilt som viser eit kvitt omriss av hovudet til ein person som har på seg høyrselsvern, på blå bakgrunn.

Arbeidshanskar

Ved sponfråskiljande arbeid er det viktig å verne hendene mot spon og gneisteregn som kan ha høg temperatur. Du må derfor bruke hanskar som toler høg varme. Hanskane vernar også hendene mot kutt sidan både spon og slipte delar kan ha skarpe kantar og overflater.

I tillegg bidreg hanskane til at du får eit godt grep rundt arbeidsstykket.

Påbodet om å bruke arbeidshanskar er varsla med eit rundt skilt som viser ein kvit og ein blå hanske på blå bakgrunn.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for benkslipar