Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ein benkslipar er utstyrt med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.

Nødstopp og verneinnretningar

Ein benkslipar har fleire ulike verneinnretningar du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tar i bruk benksliparen.

Klikk på symbola i biletet nedanfor for å lese om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Nødstopp

Ein benkslipar har vanlegvis éin nødstoppbrytar, som er raud med gul bakgrunn. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene om det oppstår ein nødssituasjon. På ein benkslipar er han vanlegvis montert saman med start- og stoppknappen, sentrert mellom dei to slipeskivene.

Nødstoppknapp med ekstern start- og stoppbrytar. Nødstoppknappen er raud med gul bakgrunn og er merka med tre piler som peiker med klokka. Start- og stoppbrytaren er ein grå vendebrytar. Foto.

Nødstoppknappen på ein benkslipar fungerer som oftast ved at han trykker mot stoppknappen. I motsetning til andre nødstoppbrytarar må ein slik nødstoppknapp ikkje vridast for å opnast, sidan han har ein fjørande funksjon frå stoppknappen.

På nokre benksliparar kan likevel start- og stoppbrytaren og nødstoppbrytaren vere separate brytarar, og då kan det vere nødvendig å vri på nødstoppbrytaren for å opne han igjen. I slike tilfelle vil nødstoppbrytaren vere merka med piler som viser kva veg du må vri.

Før du tek i bruk benksliparen, må du alltid sjekke at nødstoppbrytaren fungerer ved å starte maskina og trykke inn nødstoppbrytaren. Benksliparen skal då stoppe. Legg merke til at det ikkje er nokon bremsefunksjon på motoren, slik at slipeskivene kan rotere lenge etter at du har trykt på nødstoppbrytaren eller stoppknappen.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Sprut- og verneskjerm

Sprut- og verneskjermen vernar deg mot gneistesprut og mot spon frå slipinga. Det er viktig at skjermen er godt festa, og at du justerer han så nært arbeidsemnet som mogleg.

Verneskjermen vernar også den roterande slipeskiva, slik at lause delar ikkje kan falle ned på ho medan du sliper. 

Start- og stoppknapp

Startknappen blir brukt for å starte benksliparen slik at slipeskivene roterer, og stoppknappen blir brukt for å stoppe han. Hugs at slipeskivene bruker litt tid på å stoppe heilt opp.

På ein benkslipar er start- og stoppknappen vanlegvis plasserte sentralt på maskina, mellom dei to slipeskivene.

Anlegg

Benksliparen har eit justerbart anlegg som du skal legge arbeidsemnet ned på når du sliper. Det er viktig at anlegget er justert slik at du har maksimalt 2 mm klaring mellom slipeskiva og anlegget.

Merkeplate

På merkeplata kan du sjå kva turtal benksliparen roterer med. Det er viktig at slipeskivene er godkjende for minimum dette turtalet.

Merkeplata beskriv også kva dimensjon slipeskivene må ha.

Slipeskive

Det er viktig at slipeskiva er tilpassa benksliparen. På merkeplata til benksliparen kan du sjekke kva dimensjon slipeskiva må ha, og kva turtal ho må tole.

Det er også viktig å sjekke at slipeskiva ikkje har skadar eller sår.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk benksliparen, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke benksliparen. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at utstyret blir reparert.

  • Så lenge benksliparen er i ustand, må han vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på følgande kontrollspørsmål. Kvart spørsmål kan ha fleire riktige svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for benkslipar