Hopp til innhald
Fagartikkel

Før, under og etter bruk

Sjølv om benksliparen er utstyrt med verneinnretningar, er det nokre ting du må hugse på å gjere før, under og etter bruk.

Før bruk av benksliparen

Før du bruker benksliparen, må du kontrollere at

  • nødstoppbrytaren fungerer

  • slipeskivene er godt festa og utan skadar

  • slipeskivene har rett dimensjon og er godkjende for det turtalet benksliparen roterer med

  • anlegget er rett justert, maksimum 2 mm frå slipeskiva

  • sprut- og verneskjermen er godt festa og rett justert

  • området du skal slipe i, er rydda for brennbart materiale

  • du bruker påkravd personleg verneutstyr

Under sliping

Under sliping er det viktig at du

  • bruker påkravd verneutstyr

  • alltid held arbeidsemnet slik at det ligg godt på anlegget

  • justerer sprut- og verneskjermen etter arbeidsemnet

Etter sliping

Etter at du har brukt benksliparen, er det viktig at du

  • ikkje forlèt benksliparen før slipeskivene har stansa

  • sjekkar at brennbart materiale ikkje har blitt treft av gneisteregnet.