Hopp til innhald

Fagstoff

Når bussen stoppar

Når bussen stoppar for fotografering eller besøk, må passasjerane få all nødvendig informasjon.
Turister deltar på åpning av de nye utkikkplatået i Trollstigen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bussen tek ulike typar stopp, og det er gjerne oppgåva til guiden å organisere dei på ein best mogleg måte. Her er fleire gode tips frå Norges Guideforbund:

  1. Ved fotostopp er det ut av bussen, ta bilete og inn att.
  2. Ved besøksstopp må du opplyse om kor mykje tid de har på staden.
  3. Sei tydeleg ifrå om når bussen køyrer vidare (klokkeslett).
  4. Sjekk at du har same klokketida som gruppa.
  5. Forklar kvar bussen kjem til å stå etter besøket, og kva kjenneteikn bussen har.
  6. Sei eventuelt noko om toalett – og andre tilbod på besøksstaden.
  7. Ta gruppa med samla til besøksstaden.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding