Hopp til innhald

Fagstoff

Munnleg formidling – stemme

For ein guide er stemma ein viktig arbeidsreiskap. Skal vi kunne gjere ein god jobb som guide, er det avgjerande at vi er trygge på den munnlege formidlinga. Ein profesjonell guide er engasjert og snakkar tydeleg.
Jente holder hendene opp til munnen og roper. Foto.

Eit spegelbilete av oss sjølve

Stemma speglar sinnsstemninga vår, personlegdommen vår og kjenslene våre. Vil det seie at dersom vi har ein dårleg dag, så blir det ei dårleg oppleving for gjestene? Slettes ikkje – ein profesjonell formidlar tek kontroll over eigen stemmebruk. Ofte er det også nødvendig å ta ein viss grad av kontroll over kjenslene våre og sinnstemninga vår.

Stemma viser engasjement

Ein engasjert formidlar bruker ofte eit breitt register av klang og lyd. Heva stemme, alvor, latter, neddempa stemme og pausar er med på å byggje opp historia og fange merksemda.

Artikulasjon

Om du bruker norsk eller eit anna språk, er det like viktig å uttale bokstavar og ord tydeleg. Også i dei tilfella når vi bruker dialektuttrykk, er det viktig at tilhøyrarane kjenner dei att og kan fortelje dei vidare sjølv om dei er usikre på kva dei nøyaktig betyr.

Stiklestad folkemuseum
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehald og førebuing av stemma

Å ha stemma som arbeidsreiskap krev at vi har omsorg for henne. Stemmekunstnarar er medvitne om å ikkje belaste stemma slik at ho hindrar dei i å formidle. Det er til dømes ingen god idé å syngje med på alle tribunesongane som fotball- eller ishockeysupporter dagen før ein guidejobb.

Det er lett å høyre om ein formidlar har overskot. Det oppnår du best ved å gle deg til oppgåva, kjenne eigarskap til historia og vere utkvilt.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding