Hopp til innhald

Fagstoff

Guiderolla – før oppdrag

Planlegging og gjennomføring av eit guideoppdrag – nokre tips og råd.
Ung glad mann sitter foran en datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I siste delen av dette temaet skal vi sjå på ein del konkrete tips for korleis du kan planleggje og gjennomføre eit guideoppdrag. Alle er henta frå opplæringsmateriellet til Norges Guideforbund. Her er nokre praktiske hugsereglar for planlegging og førebuing:

  1. Set deg inn i programmet for oppdraget, rute og stader som skal vitjast.
  2. Korleis skal inngangspengane betalast? Kontant? Med voucher/kupong? Annan avtale?
  3. Hent om mogleg informasjon om gruppa. Kven er dei?
  4. Sjekk tidsramma.
  5. Kvar skal dei hentast? Sjekk møtestad.
  6. Når er frammøte? Ver alltid presis og ver ute i god tid!
  7. Kvar skal dei avslutte?
  8. Kva stader skal dei besøkje?
  9. Kva er tema for turen?
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding