Hopp til innhald

Fagstoff

Munnleg formidling – pust og kroppsspråk

Med stemma som arbeidsreiskap treng vi ein god pusteteknikk. Ein god formidlar er også medviten om kroppsspråket sitt og om kva signal han eller ho sender ut.
Ung mann trekker på skuldrene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pust

Pusten styrer i stor grad stemma vår. God pusteteknikk gir stemma betre volum og gjer at ho varer lenger, og det kan gjere oss i betre stand til å styre og variere stemmeleiet. Vi skil gjerne mellom skulderpust, ribbepust og magepust.

Du har kanskje høyrt uttrykket «høge skuldrer». Det vil seie at vi spenner musklane og samlar energi høgt oppe i kroppen, rundt nakken og skuldrene. I ein slik situasjon blir pusterørsla lett trekt opp til same området. Om du er symjar og skal kråle, er dette ein god pusteteknikk, men skal du snakke til ei gruppe, er han dårleg. Teknikken er meir utbreidd blant kvinner enn blant menn.

Ved ribbepust har du senka energi- og pusteområdet i høve til skulderpust. Du pustar då ved å heve ribbeina og utvide brystkassa. Pusten fyller den midtre delen av lungene. Teknikken er meir utbreidd blant menn enn blant kvinner.

Som du sikkert har gjetta, er magepust den tilrådde teknikken for ein god formidlar. For å flytte pusten ned til mage eller mellomgolv er det viktig at du trekkjer pusten djupt inn. Dette gir meir oksygen i blodet, og du kan kjenne deg rolegare og sterkare.

For å bli en god skytter, er det nødvendig å øve på riktig pusteteknikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skyttarar er meir medvitne om pusteteknikken enn dei fleste andre. Om du har høve til å prøve å skyte på blink med gevær eller pistol, ser du kor avgjerande det er å ta kontroll over sin eigen pust. Ein god skyttar trenar puste- og avtrekksteknikk dagleg og kan puste seg til ein tilstand der han eller ho held pusten i 10–20 sekund for kvart avtrekk.

Kroppsspråk

Ein god formidlar er medviten om kva signal han eller ho sender ut. Både blikk, fakter, rørsler, posisjonering og antrekk blir ein del av den totale formidlinga.

For mange er blikket det viktigaste verktøyet. Sjølv i ei ganske stor forsamling er det mogleg – og viktig – å fange blikket til den enkelte. Sjølv om dette berre skjer i nokre få sekund, betyr det ofte mykje for å inkludere og engasjere tilhøyrarane.

Fakter med hender eller andre kroppsdelar kan både underbyggje og forstyrre bodskapen. Det viktigaste er at du er medviten om dei rørslene du gjer, og tenkjer over korleis dei er med på å forsterke bodskapen. Generelt skal ein ikkje overdrive faktene utan at det er ein medviten del av ein formidlingsstrategi.

Rørsle og plassering er med på å sikre at du er i synsfeltet til alle – eller til så mange som mogleg – ein så stor del av tida som råd. Overdrive mykje rørsle, til dømes at du går frå den eine sida av gruppa til den andre, kan vere forvirrande for somme.

Antrekk er omtalt under andre kompetansemål. Kort sagt bør du vere medviten både når det gjeld dei signala du sjølv ønskjer å sende, og når det gjeld dei målgruppene du skal møte.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding