Hopp til innhald

Fagstoff

I bussen

Førebu deg godt på guideoppgåvene i bussen! Her får du nokre gode råd.
To unge kvinner sitter i en sightseeingbuss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har gruppa på plass i bussen, er det også mange tips å hente frå kollegaer med erfaring. Her er fleire gode råd frå Norges Guideforbund:

  1. Ver alltid ute i god tid.
  2. Frammøtetid kan variere frå oppdrag til oppdrag. Sjekk med oppdragsgivaren.
  3. Set av tid til å konferere med sjåføren om program, køyrerute, tidsrammer, bussen ...
  4. Guide og sjåfør utvekslar mobiltelefonnummer.
  5. Avtal med sjåføren om kven som skal stå ved kva dør ved av- og påstiging.
  6. Gjer deg kjend med mikrofonen før gruppa kjem.
  7. Stå ved døra når gruppa kjem.
  8. Sjekk at alle er på plass i bussen.
  9. Presenter deg sjølv og sjåføren ved namn.
  10. Informer om sikkerheitsrutinar – nødutgangar, sikkerheitsbelte og annan relevant informasjon.
  11. Sit alltid i guidesetet med sikkerheitsbeltet på når bussen køyrer.
  12. Stå minst mogleg i bussen, og berre når bussen står stille.
  13. Dersom sjåføren er ukjend i området, vis veg og retning ved hjelp av handrørsler og ord (dersom sjåføren forstår språket du bruker).
  14. Fortel om ting i tide – slik at alle får høve til å sjå.
  15. Dei som sit heilt bak i bussen, skal få med seg like mykje som dei som sit framme.
  16. Marker tydeleg: sei høgre og venstre, og bruk «rett fram» minst mogleg.
  17. Identifiser det du snakkar om: sei «huset til venstre med den blå døra».
  18. Lat bussen stoppe litt dersom sjåføren meiner det er mogleg.
  19. Køyr sakte forbi om mogleg … igjen i samarbeid med sjåføren.
  20. Fokuser på det de kan sjå frå bussen, men set ting i samanheng.
  21. Snakk ikkje om det de har køyrt forbi.
  22. Bestem deg på førehand om kva du vil seie noko om på turen.
  23. Gjenta spørsmål – slik at alle får del i svaret.
  24. Ta pausar der det er naturleg (hugs å skru av mikrofonen).
  25. Vurder kor mykje du vil fortelje om besøksstaden i bussen før de kjem fram.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding