Hopp til innhald

Fagstoff

Mikrofonbruk

Guiden må vere trygg på å bruke mikrofon. Her får du nokre råd.
Guide snakker i mikrofon på en buss. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mikrofon og høgtalaranlegg er eit viktig hjelpemiddel for den som skal guide på buss. Sjølv om du er erfaren i guiderolla, er det smart å sjekke og teste utstyret før du tek imot gjestene. Her er nokre konkrete tips frå Norges Guideforbund:

  1. Sjekk at mikrofonen verkar før gruppa kjem til bussen.
  2. Snakk med sjåføren om mikrofonbruk.
  3. Ikkje slå på mikrofonen for å sjekke lyden.
  4. Sjekk av/på-knappen – så du er sikker på korleis du bruker han.
  5. Skru av mikrofonen når du ikkje snakkar eller når du snakkar med sjåføren.
  6. Hald mikrofonen stasjonær ved haka, slik at han følgjer hovudet ditt når du bevegar deg.
  7. Snakk med naturleg stemme, roleg og avslappa.
  8. Bruk naturleg stemmeleie, tenk artikulasjon og diksjon.
  9. Ta pausar. Kontinuerleg snakking – ordstraum – kan verke som støy!
  10. Tenk språkbruk – vel riktige ord og omgrep.
  11. Bruk presise og gode formuleringar.
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding