Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag film eller podkast om 22. juli

Lag ein felles undervisningsfilm eller ein podkast i klassen om 22. juli, med utgangspunkt i det de har lært i arbeidet med oppgåvene om 22. juli og emna argumentasjon, dialog og meiningsbryting.

Definer ei målgruppe for teksten og tilpass framstillinga av fagstoffet til denne målgruppa.

Fordel arbeidet på tre grupper som jobbar med ei av desse problemstillingane kvar:

  • Kva var argumentasjonen bak 22. juli-angrepet?

  • Har vi teke eit oppgjer med 22. juli?

  • Korleis kan vi få ein god offentleg debatt om det fleirkulturelle Noreg?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Argumentasjon, dialog og meiningsbryting