Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Aldri meir 22. juli?

Tolk bodskapen og undersøk argumentasjonen i talen kronprins Haakon heldt under rosemarkeringa etter terrorangrepet 22. juli.
Eit hav av menneske held roser i vêret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Rusta til kamp?

I rosemarkeringa på Rådhusplassen i Oslo den 25. juli 2011 talte kronprins Haakon til eit folk i djup sorg og sjokk. Talen og markeringa rørte svært mange og bidrog til ei sterk fellesskapskjensle blant folk.

Diskuter i par, og så i heile klassen: Korleis tolkar de dette sitatet frå talen?

Etter 22. juli kan vi aldri igjen tillate oss å tenke at våre meninger og holdninger er uten betydning. Vi må møte hver dag, rustet til kamp for det frie og åpne samfunnet vi er så glad i.


Del 2. Tolk talen og undersøk argumenta

Les heile talen her: Kongehuset: Appellen til kronprinsen på Rådhusplassen

Bruk fagstoffet i den relaterte artikkelen "Kva er open og skjult argumentasjon?" til å undersøkje argumentasjonen i talen.

Tolk teksten og beskriv argumentasjonen:

  • Kva var konteksten for denne talen?

  • Kva slags argumentasjon og språklege verkemiddel er viktige i denne talen? Vis med døme frå teksten.

  • Kva slags verknad meiner du desse grepa har?

  • Kva er hovudbodskapen i denne talen, og kva er tankane dine om dette?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2021

Læringsressursar

Argumentasjon, dialog og meiningsbryting