Har vi teke eit oppgjer med 22. juli?
22. juli-senteret har laga ei kort oversikt over det politiske ordskiftet om 22. juli dei siste ti åra:
22. juli-senteret: 22. juli i det politiske ordskiftet
Les oversikta og diskuter innhaldet med utgangspunkt i desse stikkorda:
22. juli-kortet
snikislamisering
mistillitsforslag mot justisministeren
Les kronikken under av Iril Myrvang Gjørv, Utøya-overlevande og samfunnsfaglærar:
VG: 22. juli og oppgjøret som aldri kom
Diskuter dette sitatet i grupper eller par etterpå:
Jeg føler meg sviktet av politikere som ikke slår ned på retorikk som minner om noe tatt rett ut av terroristens manifest, også blant sine egne. Jeg føler meg sviktet av hver og en av dere som har så berøringsangst for å snakke om 22. juli at man ikke vil røre det. Jeg føler meg sviktet når hver og en av dere ikke står opp mot rasisme og hatytringer i hverdagen.
I kommentarfeltet under kronikken av Iril Myrvang Gjørv er det fleire kommentarar som seier at Gjørv med kronikken sin argumenterer for å innskrenke ytringsfridomen.
I par: Utforsk kommentarfeltet og finn kommentarar som set oppgjeret med hatefull retorikk opp mot ytringsfridomen. Analyser argumentasjonen i to–tre av desse kommentarane ved å sjå etter premiss, argument og standpunkt. Er argumenta haldbare? Kva tenkjer de om premissane? Bruk ressursane om argumentasjon nedst på sida som støtte.
Del det de har funne i klassen, og diskuter korleis Gjørv og dei som er samde med henne, kunne argumentert mot desse kommentarane igjen.
Les dei relaterte artiklane "Usemje, dialog og meiningsbrytning" og "Kan argumentasjon skape splid og hat?"
Oppsummer hovudpunkta munnleg i par ved å bruke mellomoverskriftene som stikkord.
Diskuter: Korleis kan vi få til ein god offentleg debatt om det fleirkulturelle Noreg, samtidig som vi tek eit oppgjer med haldningane som låg bak terrorangrepet 22. juli?
Relatert innhald
Kvifor er det viktig å diskutere med folk som ikkje meiner det same som deg?
Korleis kan kunnskap om argumentasjon gi oss verktøy til å forstå og kjempe mot hat og utanforskap?