Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

22. juli og tankegodset bak

Bruk kunnskap om argumentasjon og meiningsbryting til å utforske tankegodset bak 22. juli-angrepet.
Valvake med AUF. Ungdommar held opp plakatar med "AUF" på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Idéane bak 22. juli-angrepet

  • Diskuter i klassen: Kva veit de frå før om tankegodset bak angrepet mot AUF sin sommarleir på Utøya og regjeringskvartalet den 22. juli 2011?
  • Les om synspunkta som terroristen grunngav angrepet med i desse lenkjene frå 22. juli-senteret. Del klassen i fire og fordel artiklane mellom dykk.

  • Lag ei felles oversikt over synspunkta de finn i artiklane, til dømes på tavla. Var det noko de ikkje visste frå før eller noko som overraska dykk?
  • Gå saman i grupper eller par og diskuter: Kva er premissa eller røyndomsforståinga som ligg bak desse synspunkta? Du kan lese om standpunkt, premiss og argument i den relaterte fagartikkelen.
  • Trur de det er mange som deler dette synet på røyndomen i Noreg i dag? Korleis kan ein få til ein god diskusjon om tema som innvandring eller likestilling med nokon som deler denne forståinga av røyndomen?
  • Del det de har kome fram til i klassen, og diskuter bidraget i dei ulike gruppene.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2021

Læringsressursar

Argumentasjon, dialog og meiningsbryting