Hopp til innhald

Fagstoff

Bursdagsfeiring og uteliv

Bursdagar (frå det tyske Geburt = fødsel) har vore markert på mange måtar til ulike tider i ulike kulturar. Dei var ofte forbunde med ritual som markerte at ein person gjekk over til ein ny sosial alder.
Jente blåser ut lys på bursdagskake. Foto.

Den globale kommersialiseringa har gjort dagens bursdagsfeiringar for ungdom stadig likare verda over. Men for dei ulike fasane av vaksenlivet er tradisjonane ofte sterkare.

Eitt år ved fødselen

I det tradisjonelle Kina blei starten på livet rekna frå befruktinga. Ein var med andre ord eitt år då ein blei fødd. Den første milepålen blei markert etter ein måned, mǎn yuè 满月, «ein full(gått) månad». På grunn av høg barnedødelegheit var ein først då sikrare på at barnet ville leve videre, og først då fekk barnet status som menneske.

Neste markering var då barnet hadde levd i eitt år. Då diska foreldra opp for familie og venner som eit symbol på at barnet skulle få eit godt liv. Dette er ein tradisjon som framleis blir halden i hevd. Ein spesialrett ved slike høve var «nudlar for lang levetid», chángshòu miàn 寿面. Det skulle helst vere berre éin nudelstreng som var så lang at han fylte heile bollen.

Gravid dame med sløyfeband rundt magen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tynt med bursdagar før ein blei gammal

Etter dette var det smått med bursdagsmarkeringar i det tradisjonelle Kina før ein blei gammal. I mellomtida var det i staden dei yngre si oppgåve å hedre dei aldrande foreldra eller besteforeldra sine.

I vaksenlivet blei mange runde år forbunde med tradisjonelle tabu. Derfor unngjekk ein å markere dei. Det gjaldt spesielt kvinner, som var meir sårbare enn menn.

Viss ein var så heldig å bli så gammal at ein fylte seksti, for ikkje å snakke om sytti eller åtti, blei det markert med store festmåltid. Når ein fylte seksti, hadde ein nemleg levd gjennom ein heil tidssyklus etter den tradisjonelle kalenderen. Bursdagar frå seksti år og oppover blir kalla dàshòu 大寿, «(markering av) høg levealder».

Det blei ikkje sett på som god tone å spørje kor gamal nokon var, men det var greitt å spørje om kva teikn i dyrekrinsen ein var fødd under, Nǐ shǔ shénme? 你属什么? – «Kva (teikn i dyrekrinsen) høyrer du til?» Det gav fleire assosiasjonar til personlegdomen enn berre eit årstal, samtidig som det kunne bidra til å plassere ein person aldersmessig.

Ei eiga form for «bursdag» er den sjuande dagen i det kinesiske nyåret (Vårfestivalen). Det er «Menneska sin dag», rén rì 人日, og då blei det markert at alle menneske var blitt eitt år eldre.

Gåver viktige, men krevande

Gåver stod svært sentralt i det tradisjonelle samfunnet, men først og fremst i sosiale og rituelle samanhengar. Ordet for gåver er lǐwù 礼物 – «rituelle ting» – og er av gammalt opphav. Her fanst det mange reglar og tabu når det gjaldt kva som var rett og gale å gi.

Den einaste vanlege gåva for barn og unge var ein raud konvolutt med pengar, hóngbāo 红包. Han er framleis ei viktig gåve, som særleg blir gitt i samband med nyttårsfeiringa. Gåver speler nok ei mindre viktig rolle enn hos oss, men det å gi gåver kan framleis vere ein risikosport, sidan det er mykje status og stor symbolverdi knytt til dei. Tradisjonelt opna ein heller ikkje gåvene når ein fekk dei, fordi det blei sett på som eit teikn på at ein var grådig. I dagens samfunn er det blitt meir akseptabelt å opne gåvene i påsyn av gjestene.

Bursdagsfeiring tek av

Dagens bursdagsfeiringar for barn og unge i Kina er ikkje veldig ulike norske bursdagsfeiringar. Med andre ord blir bursdagar markerte i større grad no enn i det tradisjonelle samfunnet. Likevel er det nok framleis mindre fokus på bursdagar for ungdom og vaksne enn det er hos oss.

Bursdagsfeiring for barn skjer vanlegvis ved at foreldra inviterer besteforeldre eller venner av barnet. Feiringa kan skje heime, på restaurant, på kino, på McDonald's, osv. Bursdagen til ungdommar blir vanlegvis feira heime, på restaurant, på kino eller på ein karaokebar. Det blir med andre ord lagt større vekt på underhaldning.

Til bursdagsfeiring for den eldre generasjonen på seksti, sytti og åtti år inviterer ein gjerne venner og familie til eit festmåltid. Tradisjonelt blei det som oftast feira heime, men no er det meir og meir vanleg å reservere bord på restaurant.

I dagens moderne Kina har bursdagsfeiringar blitt meir like bursdagsfeiringar andre stader i verda.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Festmat

Bursdagskaka har for lengst hatt sitt inntog hos barn og unge, sjølv om ho kanskje ikkje smakar som hos oss. Det er på grunn av den svake tradisjonen kinesarane har for mjølkeprodukt. Elles er det nærmast obligatorisk å servere «nudlar for lang levetid» og andre symbolske rettar som «dei udødeleges ferskenar», xiān táo 仙桃, som har opphav i kinesisk mytologi, og som er ferskenforma og dekorerte bollar av anten mjøl eller lotusfrø.

Utelivet tek av

Det er ikkje berre bursdagsfeiringar som har bidrege til eit meir levande uteliv i dagens Kina. I likskap med fritid er uteliv eit moderne omgrep, og det eine er ein føresetnad for det andre. Då eg studerte i Kina på midten av 70-talet, var uteliv nærmast eit ukjent fenomen, bortsett frå det å ete middag eller kvelds på restaurant. Sjølv hovudstaden Beijing var prega av døgnrytmen på landsbygda: tidleg til sengs og tidleg opp. På varme sommarkveldar trekte folk ut der dei budde. Dette gjer ein framleis, og det er noko som gjerne er ganske sosialt.

På 80-talet dukka det opp utestader og barar, men det trekte til seg mest utlendingar. Folk flest dreiv med sitt. Men nymotens innretningar som karaoke gjorde sitt inntog.

I dag har ungdommen mange valmoglegheiter, som klubbar, diskotek, kino, barar og særleg internettkafear. Mange er drivne i vindaugstitting i butikkar og på kjøpesenter. Karaoke er truleg framleis det mest populære, ikkje berre blant ungdom, men òg blant godt vaksne. Der kan ein syngje, ete og drikke heile natta lang.

Unge kinesarar dansar på ein karaokebar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 8: Å feire bursdag