Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk i leksjon 8

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen Å feire bursdag.
Kinesiske skrifttegn. Betydning: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 先…然后… xiān ... ránhòu ...


Tidlegare har vi lært det faste mønsteret xiān .... zài .... «Først ..., så/deretter ...». xiān .... 然后 ránhòu .... er ein variasjon av det same mønsteret, og 然后 ránhòu tyder det same som zài i denne konteksten – «deretter». Både zài og 然后 ránhòu kan uttrykkje at noko skjer etter noko anna, også utan at xiān kjem først. Både xiān, zài og 然后 ránhòu kan brukast åleine.

Samanlikn desse eksempla:


我们吃饭去看电影。
Wǒmen xiān chīfàn zài qù kàn diànyǐng.
«Vi et først, og så dreg vi og ser film.»

我们吃饭,然后去看电影。
Wǒmen xiān chīfàn, ránhòu qù kàn diànyǐng.
«Vi et først, deretter dreg vi og ser film.»

我们吃饭去看电影。
Wǒmen chīfàn zài qù kàn diànyǐng.
«Vi et, så dreg vi og ser film.»

我们吃饭,然后去看电影。
Wǒmen chīfan, ránhòu qù kàn diànyǐng.
«Vi et, deretter dreg vi og ser film.»

我们吃饭。
Wǒmen xiān chīfàn.
«Vi et først.»

2. zài


zài er eit litt spesielt ord fordi det både kan fungere som ein preposisjon og som eit verb. Kinesisk har fleire slike ord, og vi kallar ord med desse eigenskapane for koverb.

Samanlikn setningane under:

I. 你在吗? «Er du til stades?» (verb)
Nǐ zài ma?

II. 你在哪儿? «Kvar er du?» (verb)
Nǐ zài nǎr?

III.你在哪儿工作?«Kvar (= på kvar) jobbar du?» (prep.)
Nǐ zài nǎr gōngzuò?

Her kan vi sjå at zài har ulike funksjonar i setninga avhengig av korleis ordet blir brukt på kinesisk. I setning nummer tre fungerer 在哪儿 zài nǎr som eit adverbialt ledd til hovudverbet 工作 gōngzuò og utfører den koverbiale funksjonen ved at det definerer ein stadskontekst for handlinga subjektet utfører.

3. gèng og zuì


På kinesisk bøyer vi som kjent ikkje ord, og derfor heller ikkje adjektiv, i grader, som i for eksempel «bra – betre – best». Vi uttrykkjer liknande forhold på kinesisk ved å bruke eit verkemiddel som er ganske typisk for språket, nemleg å leggje til andre ord som ytterlegare beskriv hovudordet som blir modifisert.

Samanlikn dette:

«bra»
0; 喜欢 «liker»


hǎo xǐhuan



更好 «betre»
0; 更喜欢 «liker betre/meir»
gèng hǎo gèng xǐhuan

最好 «best»
0; 最喜欢 «liker best/mest»
zuì hǎo zuì xǐhuan

gèng og zuì er adverb som står framfor tilstandsverb eller psykologiske verb for å uttrykkje dei same gradane.

Sjå òg punkt 3 i leksjon 12 om gèng og zuì.

4. 还是 háishi

还是 háishi tyder «eller» og blir brukt i alternativspørsmål. Det vil seie at når vi ønskjer å spørje om det eine versus det andre, så må vi plassere 还是 háishi imellom. Dei to alternativa blir nemnde på kvar si side av 还是 háishi, og eit svar vil då innebere å gjenta eitt av alternativa, eventuelt subjektet og verbet + alternativ A eller B.

Eksempel:

你喜欢巧克力蛋糕还是草莓蛋糕?
Nǐ xǐhuan qiǎokèlì dàngāo háishi cǎoméi dàngāo?

a) 巧克力蛋糕。 Qiǎokèlì dàngāo.

b) 我喜欢巧克力蛋糕。 Wǒ xǐhuan qiǎokèlì dàngāo.

5. V-O-konstruksjonar og «generelle objekt»

请客 qǐngkè tyder «å invitere nokon (som) gjest». I verb-objekt-konstruksjonen qǐng - er kè eit såkalla «generelt objekt». Mange verb som på norsk eller engelsk berre ville vore eitt ord, er på kinesisk slike konstruksjonar og står som regel ikkje åleine viss dei ikkje har eit spesifikt objekt. Eksempel:

Eksempel
唱歌 chànggē – «å syngje»objekt: gē – «song»
跳舞 tiàowǔ – «å danse»objekt: wǔ – «dans»
说话 shuōhuà – «å snakke»objekt: huà – «prat»
写字 xiězì – «å skrive»objekt: zì – «teikn»

6. 哪里的K-TV?

Som vi ser av denne frasen kan enkelte spørjeord òg fungere som attributt på kinesisk, i dette tilfellet 哪里 nǎlǐ / 哪儿 nǎr. På norsk blir det naturleg å omsetje dette med ei relativsetning (som-setning). Samanlikn dette:

1. 哪里的K-TV (Nǎlǐ de K-TV) – «Karaokesalongen som er kvar?» / «Kva karaokesalong?»

(*哪里K-TV (Nǎlǐ K-TV) – *«Kvar karaokesalong?»)

2. 哪儿有K-TV (Nǎlǐ yǒu K-TV) – «Kvar finst det karaokesalong?»

Vi ser at 1. spør om ein gitt karaokesalong på ein gitt plass, mens 2. spør ope om kvar det finst karaokesalong. Setninga i parentes over 2. er feil på kinesisk.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 8: Å feire bursdag