Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 8

Under følgjer forklaringar til vokabular for dialogen Å feire bursdag.
Kinesiske tegn. Betydning: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Hugselappen

  • bié og 不要 bú yào = «Ikkje ...!»

  • biān, lǐ og -r har same funksjon etter nà og zhè.

1. 不要 bú yào

不要 bú yào og bié tyder det same og blir brukt likt. Dei kjem begge framfor verb og uttrykkjer formaning: «Ikkje …!». Dei blir brukte i imperativsetningar når ein vil gi ein «ordre» om noko. Eksempel:

别去那儿! Bié qù nàr! – «Ikkje dra dit!»
你不要说话! Nǐ bú yào shuōhuà! – «Ikkje snakk!»

2. 那边 nàbiān

Både 那边 nàbiān, 那里 nàlǐ og 那儿 nàr tyder «der», og både 这边 zhèbiān, 这里 zhèlǐ og 这儿 zhèr tyder «her». Tydinga er altså den same, uavhengig av om det er biān, lǐ eller -r som kjem etter nà eller zhè. Litt avhengig av kvar du er i Kina, vil enkelte vere vanlegare enn andre, men tydingen er den same. Endinga -r er ikkje vanleg i skriftleg kinesisk, med mindre du siterer munnleg tale.

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 8: Å feire bursdag